Mangbølt gard
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nemninga ein mangbølt (adjektiv) gard er nytta først og fremst på Vestlandet i tydinga ein gard med fleire bruk/hushald. Garden kan vera ein matrikkelgard, men treng ikkje vera det - ein mangbølt gard kan ha fleire gardsnummer. Det er oftare ein namnegard.
Motsetninga til ein mangbølt gard er da ein einbølt gard, det vil seie ein gard med berre eitt bruk / hushald.
Språkleg opphav til det andre leddet er bol, på Vestlandet (Bergens stift) bøle (n1), i tydinga oppholdsstad (Aasen).
Kjelde
- Aasen, Ivar 1873/1997: Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Christiania. Elektronisk utgåve. Det Norske Samlaget