Margit Gjermundtr. Haugane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Helland ca. 1950
Foto: Norske gardsbruk

Margit Gjermundtr. Haugane (17/11 1830-17/10 1918) var født i Skafså. Foreldra var Gjermund Olavson Ø. Bergland (1796-1874) frå Skafså og Kristi Aslaksdtr. Vistadhaugen (1793-1878). Gift 1817. Dei var gardfolk på Bergland i Skafså og flytte til Haugen (Fyresdal gnr. 44) i Hegglandsgrend i 1831. Margit vart i 1850 gift med Endre Sigurdson Haugane (1820-) på Nedre Haugan (Fyresdal gnr. 95/1) i Hauggrend i Fyresdal og vart buande der til dei flutte til Helland (Fyresdal gnr. 95/5) i 1890. Dei fekk 10 born saman.

Endre hadde fått påskrift i samband med lån på garden, denne er sagt ikkje å ha vore slik han og långjevar var einige om i fylgje futen. Endre fekk økonomiske vanskar, folk ville hjelpe han, men Endre ville betale gjelda og garden vart i 1885 seld til Talleiv Olavson Væting. Dei fekk råderett over jordvegen Helland som var ein del av garden, sonen Gjermund Endreson Haugane arbeidde og dyrka opp jorda og hus vart satt opp. I 1890 vart så Helland skild ut frå N. Haugane og Gjermund Endreson fekk skøyte på denne eigedomen av Olav T. Væting, Margit og Endre kom då til Helland på føderåd.

Lindeman og Margit

I 1861 var Lindeman i Fyresdal og skreiv ned 5 melodiar etter Marjit Jermundsdatter Haugene. Ludvig Mathias Lindeman (1807-1887) studera fyrst teologi men ofra seg i staden heilt for musikken. Han reiste over heile landet og samla inn kring 3000 melodiar. Hovudsamlinga Ældre og nyere Fjeldmelodier kom ut i 1867. Lindemann hadde eit uvanleg godt gehør og melodiminne men hadde litt problem med å notere ned melodiar som ikkje var bundne til det temperera skalasystemet. Han hadde stor hjelp av Olea Crøger. Kva for bygder i Telemark han vann over i samlarferda si er ukjent, men sommaren 1861 var han i Fyresdal hjå Margit og skreiv ned:

Ræven han æ’ okkos treskaste dyr.
Soro liti kjend.
Det va’ no so seint ein joleftans kveld.
Eg va’ meg ein gong so liten ein gut.
Mann’ han vil seg i veaskog.

Notene til desse visene er utarbeidde etter Lindeman sitt kladdemanus av Steffen Eide ved Agder Folkemusikkarkiv på Ose i Setesdal.

Hagebrukaren

Margit var nok eit rikt utrusta menneske som og var svært arbeidsam, ho var truleg ikkje nøgd berre med å stelle i heimen og for husdyra. På nedre Haugane fekk ho planta ein større frukthage med i alt 99 epletre, dei fleste hadde ho sådd i potter som frø. For frukthagen på Haugane fekk ho sylvmedalje av Telemark Landbruksselskap. Ho fekk og fleire påskjøningar for mellom anna veving. Hagen var på framsida av tunet og låg solrikt og vestvendt. Etter at dei flytta i 1890 kom den nye vegen gjennom denne hagen i 1905, ein del kom nedom og gjekk ut av bruk, den øvre forfall og etter kvart slik at det i 2017 ikkje er frukttre att. På eit flyfoto frå 1961 ser vi restar av frukthagen mellom fylkesvegen og tunet. Uthuset er det gamle, likedan stabburet, medan hovudbygningen er om- og påbygd i 1950 åra.

Gullbryllup på Helland år 1900

Torbjørg Lie fortel til Decoraposten i brevet merka 1900. Jonsokleite:

Gullbrylup, det første i Fyresdal, feiredes nu den 7de Juni af Endre og Margit Haugan. Da havde de været gifte i femti Aar. Jeg og John var indbudne. Og vi var svært glade i Indbydelsen. Men hvorledes skulde John komme afsted? Han er endnu saa klein; stiv og saar i alle Lemmer. Dog, Gjermund, Brudeparrets Søn, fandt paa Raad. Han lovede at møde paa Strond med Pram og ro os over Skrævand. Da blev det ikke langt Stykket at gaa.

Det er fagert paa Helland; Huse og Jorder og Have velstelte. Det blomstrede og vokste, saa det var en Lyst at se. De graahaarede Brudefolk mødte paa Tunet og modtog os fint. Margit ser kvik og rask ud; hun er ferm og fager trods sine 70 Aar. Endre er ogsaa livlig og aandsfrisk, men saa klein i Benene, at han maa bruge to Stave for at komme frem. Han er lidt over 80 Aar gammel. Han ser godt ud; en trofast Arbeider har han været al sin Dag. Er der noget ærværdigere Syn at se paa Jorden end en graahaaret Arbeider? Jeg mener, det ikke er. Han Ros blomstrer frem ny hver Vaar, naar Sol og Regn falder paa den Jord, han har renset og Brudt. – Det var en uforglemmelig høitidelig Fest. Da solen vilde til at gaa ned, bød vi Farvel med de gjæve Guldbryllupsfolk og deres Børn og Godbørn. Gjermund roede os atter over Vandet. Hauggrend laa der vakkert i Kveldsolens Glans. Havene blomstrede, Ruderne glitrede, Gøgen gol paa Timrudnuten.

Epilog

Gjermund Endreson selde Helland i 1907 og kjøpte Strandengen i Slagen, Sem kommune i nåværende Tønsberg kommune i Vestfold, Margit og Endre fylgde med dit. Endre døydde der 86 år gamal og er gravlagd på Slagen kyrkjegard, gravminnet er ikkje å finne på gravminne.no i 2017. Etter ei tid flytta Gjermund til Høgset i Melum, der døydde Margit i 1918 88 år gamal. Ho er gravlagd på Melum kyrkjegard, gravminnet er å sjå på gravminne.no. Margit og Endre hadde ei dotter som heitte Kriste (Kristi) født 28/10 1855. Ho døydde ugift på Helland 21/09 1900 og er oppførd som tenestepike i kyrkjeboka. Ho er gravlagd på Veum kyrkjegard og har fått eit sermerkt gravminne i form av ei plate i støypejern, dette gravminnet er å sjå på gravminner.no. Minnetekst: Farvel i Jesu namn.

Kjelder og til utdjuping

  • Ormtveit, Astrid Synnøve. Lindeman samla 106 melodiar frå Telemark. «Sjå deg attyvi». Fyresdal sogelag 2016. Same artikkel stod i Telemark Tidend april 2006. (Mykje i det som er skrive ovanfor er teke derifrå.)
  • Lie, Torbjørg. Brev til Decorah-Posten 1890-1922. "Sjå deg attyvi". Fyresdal sogelag 1996, s. 28.
  • Marvik, Steinar Fyresdal. Gards- og ættesoge. Bind III. Fyresdal 1992
  • Gjærum, Erling. Ættesoge for Haugan og Moghus ætti i Førsdal (Fyresdal). Utgjevar Sigurd Haugan, Melum, 3700 Skien 1972.
  • Gaukstad, Øystein (red.), Lindeman, Ludvig Mathias, Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner. 95 : Tekster : etter originalmanuskriptene i Norsk musikksamling, Oslo, 1997, s. 558 Digitalt utgåve.

Biletgalleri