Margrete Skulesdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Margrete Skulesdatter)
Hopp til navigering Hopp til søk
Margrete Skulesdotter døydde i Rein kloster i Rissa.

Margrete Skulesdotter (født omkr. 1210, død 1270 i Rein kloster) var gift med kong Håkon IV Håkonsson, dotter av Skule Bårdsson og mor til Magnus Lagabøte, Håkon Håkonsson Unge og Kristin Håkonsdotter.

Ho er først nemnd i kjeldene i 1219, då det kom forslag om at ho skulle gifte seg med Håkon Håkonsson for å dempe spenninga mellom han og faren hennar. Skule hadde kome med krav om tronen i 1217 då halvbroren Inge Bårdsson døydde, og eit ekteskap kunne vere med på å hindre at han kom med nye krav. Dei to blei festa i kongsgarden i Bergen same året. Håkon var då femten år gamal, medan Margrete var omkring ni. Etter ein tid blei det avtala at kongen og jarl Skule skulle vere saman i Bergen jula 1224, og at bryllaupet skulle stå påska 1225. Håkon klarte ikkje å halde avtale for jula 1224, då han var oppteke med kampane mot ribbungane i Viken. Men han kom seg til Bergen på våren, og gifta seg med Margrete den 25. mai 1225.

Den første sonen hennar, Olav Håkonsson, blei født i 1227. Han døydde ung. Den neste var Håkon Håkonsson, kalt Unge for å skilje han frå faren. Han blei født i 1232, og fekk kongsnamn saman med faren i 1240. Håkon Unge døydde i 1257, seks år før sin far. Kristin Håkonsdotter blei født i 1234 og døydde i 1262. Ho vart gift med Don Felipe, bror av spanskekongen. Det siste bornet Margrete fekk var Magnus, født 1238 og død 1280. Han fekk kongsnamn saman med faren i 1257, blei krona i 1261 og tok over tronen ved faren sin død i 1263.

Ekteskapet mellom Margrete og Håkon hindra ikkje at Skule gjorde opprør. I 1239 blei det åpen strid, som endte med jarlens fall. Faren sitt opprør og hans død skal ha gått hardt inn på Margrete.

Skule sitt gods falt til kongedømet då han døydde, sidan han hadde gjort opprør. Det er ikkje klart om Margrete fekk arve han. Vi veit at ho fekk ein del gods i morgongåve frå Håkon, og at ho i 1247 ba paven om ta det i sitt vern. I samband med kroninga av Håkon i 1247 gav kardinal Vilhelm av Sabina dronninga og borna hennar patronatsrett for tre kapell i Stavanger bispedøme, og truleg var dei del av morgongåva. Eit av dei kan ha vore Peterskyrkja i Stavanger, som Magnus Lagabøte seinare kalla sin «odelskyrkje».

I Håkon Håkonssons saga ser det ut til at Margrete helst var saman med kongen når han reiste rundt i landet. Det er ikkje noko i sagaen som tyder på at ho spelte nokon politisk rolle, men ho var den leiande kvinna ved hoffet. Etter at Håkon døydde i 1263 følgde ho sonen Magnus frå Bergen til Trøndelag. Ho besøkte Rein kloster i Rissa, som Skule Bårdsson hadde grunnlagt. Hans syster Sigrid Bårdsdotter var den første abbedissa der. I 1267 gjekk ho inn i klosteret, og truleg var ho der resten av livet. Ein gullkalk ho gav til klosteret skal ha vore med blant skattane Olav Engelbrektsson tok med seg i 1531.

Kjelder