Margrethe Utgård (foretak)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Margrethe Utgård var ei forretning for sal av damekonfeksjon i Sykkylven. Margrethe Utgård var dotter til Ole T. Lied som etablerte konfeksjonsfabrikken Fønix i 1915. Han selde den eldste delen av fabrikken omkring 1950, og sette opp eit fabrikk- og forretningsbygg i 1954. I dette bygget hadde han m.a. ei moderne manufakturforretning, som han dreiv fram til 1960, då han døydde. I 1961 overtok Margrethe Utgård eigedomen, og sidan 1963 dreiv ho damekonfeksjonforretning der. På folkemunne gjekk butikken under namnet "Mokken".

Frå om lag 1980 var det Turid Overå som stod føre den daglege drifta. Drifta vart ført vidare til om lag 2010. Etter at butikkdrifta vart lagt ned, vart lokala gjort om til møterom og samlingslokale, mellom anna for foreiningar i LO og friviljuge organisasjonar.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.