Marianne Havdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Marianne Havdal (fødd 20. januar 1950, død 8. august 2018) var bibliotekar og barnebokforfattar.

I 1973 vart ho gift med Johan Henrik Greve, og ho nytte ei tid namnet Marianne Havdal Greve.

Ho debuterte som forfattar med Forden og andre forteljingar i 1991. Boka var illustrert av Stella East. Den neste boka, Osteulven, kom året etter, og var illustrert av Jan-Kåre Øien. Så gjekk det heile tretten år før den tredje og siste boka hennar kom i 2005. For Når traktoren kjem ut er det vår, illustrert av Kristin Roskifte, fekk ho Kritikerprisen for beste barne- eller ungdomsbok i 2005. Ho skreiv òg dikt, men gav ikkje ut nokon samling, og ho skreiv stykker for lokale ungdomsteater.

I 1981 vart ho tilsett som vikar for biblioteksjefen ved Sunndal folkebibliotek.[1] I 1985 vart ho så biblioteksjef i Nesset kommune.[2]

Referansar

  1. «Sunndal idag» i Tidens Krav 1981-12-14. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Kunngjering i Romsdals Budstikke 1985-12-30. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder