Marie Wessel Skarsvaag (1885–1945)
Marie Wessel Skarsvaag (fødd 24. mai 1885, død 27. mars 1945) var landhandlerske på Fjellværsøya i Fillan i noverande Hitra kommune.
Liv og virke
Marie Wessel var fødd i Hemne i dagens Heim kommune, og var dotter av Mads Wessel (1852–1887) og Elen Wessel (1853–1905). Familien budde i Kyrksæterøra, på ein eigedom med gnr. 101/61, som var eigd av av «Mads Wessells Enke» i matrikkelen 1886[1] og av «Mads Wessells børn» i matrikkelen 1907.[2] Dette er antakeleg Øragata 17, som har gnr. 101/61 i dag.
I 1900 var ho komi til Fillan, der ho var i teneste, moglegvis hos det som skulle bli svigerfamilien hennar. I 1908 gifte ho seg med Edvard Skarsvaag (1879–1945) frå Fillan, dei fekk etter kvart sju born, tre av borna levde opp. Ektemannen hadde arbeidsplassen sin på havet, i 1910 er han oppført som «Fiskehandel skipper», og i 1920 dreiv han heimefiske med motorbåt. Mens mannen var ute, dreiv Marie Skarsvaag landhandelen M. W. Skarsvaag. Den var etablert 15. april 1907 på Fjellvær, der familien òg budde i 1910, men i 1920 flytte familien til Nordbotn, og den 15. desember det året flytte bedrifta òg dit.
Landhandelen omfatta i 1949 ifølgje Det norske næringsliv desse varekategoriane: «fetevarer, glass, steintøy, kjøkkenutstyr, jernvarer, manufakturvarer, ferdige ting, trikotasje og pyntesaker samt papir, kortevarer, malervarer og malerverktøy.»[3] I tillegg til landhandelen dreiv Skarsvaag òg postopneri og dampskipsekspedisjon. Da ho døydde, vart firmaet teki over av sonen Otto Skarsvaag (1914-1984).
Fotnoter
Litteratur
- Marie Wessel på Hitterslekt.
- Det norske næringsliv 6: Sør-Trøndelag fylkesleksikon, utgitt av Det norske næringslivs forlag, Bergen, 1949. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Fortegnelse over matrikulerede Eiendomme og deres Skyld. Utg. Kristiania. 1891. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norges matrikel. Utg. Stenersen. Kristiania. 1907. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder
- Marie Wessell i folketelling 1891 for Heim, Hemne, Snillfjord, Vinje fra Digitalarkivet.
- Marie Wessel i folketelling 1900 for Fillan, Sandstad fra Digitalarkivet.
- Marie Skarsvaag i folketelling 1910 for Fillan, Sandstad fra Digitalarkivet.
- Marie Skarsvaag Heim i folketelling 1920 for Fillan herred fra Digitalarkivet.
- Marie i Klokkerbok for Hemne prestegjeld, Hemne sokn 1879-1898 (1612P) fra Digitalarkivet [fødsel].
- Marie Wessel i Ministerialbok for Hitra prestegjeld, Nordbotn sokn 1901-1916 (1617P) fra Digitalarkivet [vigsel].