Martha Jane Patterson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Martha J. Patterson. Bilete frå boka The first chapter of Norwegian immigration (1821-1840).

Martha Jane Patterson (født 30. juli 1832 i Rochester, dødsår ukjent) var ei av dei fyrste norskamerikanarane som vart lærarinne i offentlege skuler i USA.

Martha var født i Rochester i New York, og var dotter av Martha Georgiana og Lars Larsen Geilane, pionerane frå sluppen «Restauration» i 1825. Alt da ho var berre tolv år gamal byrja ho å undervise i Rochester, seinare gjekk ho på eit kvinneseminar, der ho vart hjelpelærar i 1848. I dei neste åra underviste ho ved ulike skuler i upstate New York: Våren 1850 underviste ho ved ei offentleg skule i Kendall, våren 1851 i Lockport, og hausten same år var ho ved ei offentleg skule i Rochester.[1]

I 1857 reiste ho vestover, og vart lærar ved offentlege skuler i Chicago og omegn. Ho vart gift med oppfinnaren Elias C. Patterson frå New York, og dei levde saman til han døydde i 1879.

Fotnoter

  1. Anderson, side 68-69.

Litteratur

  • Anderson, Rasmus B.: The first chapter of Norwegian immigration (1821-1840) : with an introduction on the services rendered by the Scandinavians to the world and to America. Utg. R.B. Anderson, Madison, Wisconsin, 1896. Digital versjonNettbiblioteket.