Martha Georgiana Larsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Martha Georgiana Larsen. Bilete frå boka The first chapter of Norwegian immigration (1821-1840).

Martha Georgiana Larsen (født 10. oktober 1803 på Fogn, død 1887 i Rochester, New York) var ein av dei fyrste utvandrarane frå Norge til USA. Ho var kona til Lars Larsen Geilane, og dei drog over saman med «Restauration» i 1825.

Tidleg liv

Martha Georgiana Larsen vart født Marta Jørgensdotter på garden Nedre Eie på øya Fogn i Finnøy. Ho var dotter av Inger Belestdotter (1759-1845) og andre ektemannen hennar, Jørgen Pederson 1767-1817. Foreldra var leiglendingar, og etter at faren døydde da Marta var fjorten år gamal, skøytte eigaren Nedre Eie til son sin. Ifølgje Halvard Bjørkvik, bygdebokforfattar for Finnøy, verkar det som om eigaren nytta tvang mot Inger Belestdotter og borna hennar.[1]

Utvandring

Både for Marta og halvbroren Ola Joneson Eie vart etter kvart utvandring eit alternativ. Det er uvisst når ho vart kjent med skipstømmermannen og kvekaren Lars Larsen Geilane, men dei vart i alle fall gifte på juledagen i 1824. Det var da ho kom saman med Lars, og dei byrja å planlegge utvandringa saman, at ho endra namnet sitt til Martha Georgiana. Mellomnamnet kan ha vori ei personifisering av delstaten Georgia, og Bjørkvik vektlegg det symbolske og framtidsretta i namnet.[2]

4. juli 1825 reiste Marta og Lars frå Stavanger med sluppen «Restauration» saman med femti andre utvandrarar. Mellom dei var halvbroren Ole, og dessutan naboen Knut Olson frå Øvre Eie.[3] Marta var med barn da dei steig om bord i sluppen, og i løpet av overfarta hadde vesle Margaret Allen slutta seg til utvandrarfølgjet.

Etter ei overfart på fjorten veker kom dei til New York. Her fekk dei litt problem med styresmaktene, mellom anna vart dei bøtelagte for å vera for mange menneske om bord på ein for liten båt, men dei fekk hjelp frå lokale kvekarar i New York. Dei fleste i følgjet reiste til Kendall, upstate New York, der Cleng Peerson hadde kjøpt land nokre år i forvegen. Martha, Lars og vesle Margaret heldt seg i området, men slo seg i staden ned i byen Rochester, litt lenger aust. Her budde dei saman fram til Lars døydde på mystisk vis i 1845.

Enkestand og alderdom

Martha Larson vart buande resten av livet i Rochester, og fleire av borna deira vart buande her også. Mellom dei mange nordmenna som nytta heimen deira som ein mellomstasjon vidare vestover var sambygdingen Ola Torbjørnson Eie, son av han som hadde drivi mor til Martha vekk frå garden på Fogn. Ho fortalte i eit brev at

Ola Torbjørnson Eie stogga her hjå oss så lenge han var i Rochester. Det var ei stor glede for meg å vera god mot han, som hadde ein far som gjorde meg og den gamle mor mi så mykje vondt. Eg vil ikkje gløyma det så lenge eg lever.[4]

I alderdomen verker det som om heimlengten låg og gnog hos ho. I 1881 var ingeniør Søren Munch Kielland frå Stavanger innom og helste på henne, og han fortel at

Da hun hørte at jeg skulde reise hjem en Tur, udbrød hun: «Aanei, aa nei Kielland! Det er som De skulde reise til Himmelen!»[5]

Rasmus B. Anderson, som utga bok om «Restauration»-utvandrarane i 1896, hadde sjølv treft Martha Georgiana Larsen, og beskreiv ho som særs intelligent og karakterfast: «Eg trefte ho i 1875, og vart slegi av kor staseleg og høveleg ho var. Ho hadde vorti heilt amerikanisert, men tala enno det gamle Stavanger-målet sitt lett og flytande.»[6]

Etterslekt

Martha og Lars fekk seks døtre og to søner:[7]

  1. Margaret Allen, født 2. september 1825 om bord på «Restauration», gift 1857 med John Atwater, til Illinois. Ho vart kalla opp etter den engelske kvekaren Margaret Allen.
  2. Inger Marie, født 18. februar 1827, gift med William F. McFadden, til Kansas City, Missouri.
  3. Lydia Glazier, født 18. november 1828, gift med F. C. Whittelsey, busett Rochester, New York.
  4. Elias Tastad, født 9. juli 1830, gift med ei amerikansk kvinne, busett Rochester, New York. Han vart kalla opp etter kvekarleiaren Elias Tastad (1788-1863).
  5. Martha Jane, født 30. juli 1832, gift med Elias C. Patterson, til Illinois.
  6. Clara Elisabeth, født 30. juli 1834, gift med Alfred Willets, til Union Rei, Michigan.
  7. George Marion, født 8. juli 1841, lege, gift med ei svensk kvinne, busett Lakeside, Michigan.
  8. Georgiana Henrietta, født 19. juni 1845, ugift, budde i familieheimen i Rochester, New York.

Fotnoter

  1. Bjørkvik, side 209
  2. Bjørkvik, side 209
  3. Bjørkvik, side 194
  4. Bjørkvik, side 211.
  5. Bjørkvik, side 211.
  6. Laust omsett frå Anderson, side 66.
  7. Anderson, side 67-68.

Litteratur

  • Anderson, Rasmus B.: The first chapter of Norwegian immigration (1821-1840) : with an introduction on the services rendered by the Scandinavians to the world and to America. Utg. R.B. Anderson, Madison, Wisconsin, 1896. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Bjørkvik, Halvard: Gardane på Fogn, Talgje og Fisterøyane. Bind 3 av Finnøy. Gard og ætt. Utg. Finnøy kommune, 1997. Digital versjonNettbiblioteket.