Mathias Carstensen Widerøe (1806–1838)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mathias Carstensen Widerøe (fødd 1806 i Trondheim, død 2. juni 1838 same staden) var bakarmeister i Trondheim.

Han var son av Olaus Midelfart Widerøe (1779–1831) frå slekta Widerøe og Henricha Elisabeth Rachløv. Mathias Widerøe gifta seg i 1833 med Thorine Hansen. Dei fekk sonen Olaus Midelfart Widerøe (1833–1862) same året.

Han døydde den 2. juni 1838, berre 32 år gamal. Seinare same året vart sonen Mathias Carstensen Widerøe (1838–1929) fødd. Enka gifta seg på nytt. Sonen Mathias d.y. vart óg bakarmeister, og etablerte M.C. Widerøes Dampbageri & Conditori i 1860.

Kjelder

  • Trondhjems Adresseavis, 8 desember 1918, nr. 327 side 3
  • Ministerialbok nr. nr. 601A07 1770-1819 for Trondheim prestegjeld, Domkirken sokn side 167
  • Ministerialbok nr. 601A15 1831-1839 for Trondheim prestegjeld, Domkirken sokn (døde og begravede) side 98
  • Ministerialbok nr. 601A15 1831-1839 for Trondheim prestegjeld, Domkirken sokn (fødte og døpte) side 165
  • Mathias Carstensen Widerøe i Historisk befolkningsregister.