Widerøe (slekt)
Widerøe er ei slekt med røter i Romsdal, i det området som no utgjer Molde kommune. Som stamfar reknast Audun Aagesson Reknes (omkr. 1606–1679), som ofte omtalast med namnet Widerøe – det er uklart om han sjølv nytta det, eller som det er eit namn som er førd attende i seinare tid. Audun sitt opphav er uklart; forskjellige kjelder oppgir forskjellige fedre, og ei drøfting av den problematikken blir for omfattande her. Det vi veit er at han var ein av de største jordeigarane i Moldeområdet, og at han også eigde gardar andre stader i Romsdal.
Opphavet til namnet er ikkje klart. Ein moglegheit er at det er eit forvanska namn på Veøya, der Auden Aagensen eigde Horsgård.
Widerøe knyttast i dag særleg til Widerøes Flyveselskap, som er det eldste eksisterande flyselskapet i Noreg. Det vart grunnlagt av mellom anna brørne Viggo Widerøe og Arild Widerøe, som tilhørte denne slekta.
Kjente medlemmar av slekta
- Auden Aagesson Reknes (omkr. 1606–1679), gardeigar i Romsdal.
- Aage Audensson Widerøe (1659–1722), gardeigar i Romsdal.
- Johan Aagesson Widerøe (1691–1723).
- Anna Johansdotter Widerøe (f. omkr. 1721)
- Gunille Aagesdotter Widerøe (f. omkr. 1710).
- Johan Aagesson Widerøe (1691–1723).
- Anders Audensson Widerøe (f. 1661).
- Hans Audensson Widerøe (f. 1662).
- Jens Audensson Widerøe (1664–1736).
- Auden Jensson Widerøe (1694–1765), sorenskrivar i Sunnfjord.
- Iver Widerøe (1742–1808), bakarmeister i Trondheim. Gift med Anna Dorothea Tostrup.
- Olaus Midelfart Widerøe (1779–1831), bakarmeister i Trondheim.
- Iver Andreas Widerøe (1803–1847), bakarmeister i Trondheim.
- Mathias Carstensen Widerøe (1806–1838), bakarmeister i Trondheim.
- Olaus Midelfart Widerøe (1833–1862).
- Mathias Carstensen Widerøe (1838–1929), bakarmeister i Trondheim.
- Falch Andreas Widerøe (1783–1847).
- Iver Olaus Widerøe (1824–1916).
- Harald Widerøe (1871–1923). Fotograf.
- Poul Peter Marius Widerøe (1827–1891), sokneprest i Tynset.
- Theodor Widerøe (1868–1947).
- Rolf Widerøe (1902–1996), ingeniør og fysikar.
- Viggo Widerøe (1904–2002), flygar og medgrunnleggjar av Widerøes Flyveselskap.
- Arild Widerøe (1908–1937), flygar og medgrunnleggjar av Widerøes Flyveselskap.
- Theodor Widerøe (1868–1947).
- Iver Olaus Widerøe (1824–1916).
- Olaus Midelfart Widerøe (1779–1831), bakarmeister i Trondheim.
- Iver Widerøe (1742–1808), bakarmeister i Trondheim. Gift med Anna Dorothea Tostrup.
- Malene Jensdotter Widerøe.
- Mads Jensson Widerøe (omkr. 1700–1762).
- Anna Margrethe Jensdotter Widerøe (1713–1754).
- Auden Jensson Widerøe (1694–1765), sorenskrivar i Sunnfjord.
- Dorthea Audensdotter Widerøe (f. 1666). Gift med Christian Gulbrandsen.
- Auden Christiansen Widerøe (1728–1747).
- Malene Audensdotter Widerøe. Gift med Jørgen Kamp.
- Aage Audensson Widerøe (1659–1722), gardeigar i Romsdal.
Litteratur og kjelder
- Hemneslekt, Hemne historielag.
- Petersen, Th. og Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka : en natur- og samfundshistorisk skildring av Bolsøy prestegjeld og herred. 1 : Bolsøybygdas natur og eldre historie. 1939. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Wallem, Fredrik B.: Trondhjems bakerlaug. Utg. Trondhjems historiske forening. Trondhjem. 1926. Digital versjon på Nettbiblioteket.