Matrikkelgardar i Snillfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Det ligg 27 matrikkelgardar i Snillfjord. Snillfjord var del av Hevne herred fram til han vart skild ut som eigen kommune i 1923. I 1964 vart Snillfjord utvida med den austre delen av Heim kommune, og med den vestre delen av Agdenes kommune.

I 2020 vart så Snillfjord delt i tre mellom Hitra, nye Heim og Orkland kommunar. Av dei 27 matrikkelgardane i det opphavlege Snillfjord gjekk 19 til Orkland, mens åtte gjekk til Heim.

Matrikkelgardar i noverande Orkland kommune

Desse gardane ligg i hovudsak kring Snillfjorden, og omfattar mellom anna Krokstadøra.

Namn Gnr Gammalt gnr Bruk 1886 Bruk 1904 Bruk 1950
Snigeldal 972 72 1 1 1
Tannvik 973 73 2 8 23
Hafsmo 974 74 4 4 5
Ytre Klungervik 975 75 1 1 1
Indre Klungervik 976 76 2 2 2
Vilvang 977 77 1 1 1
Breivik 978 78 1 1 1
Krokstad 979 79 3 3 9
Aa med Auset 980 80 9 9 35
Berg 981 81 13 14 28
Snillia 982 82 4 6 6
Snildal 983 83 3 5 12
Snildalssæter (Sætergården) 984 84 2 2 2
Våvasslia 985 85 2 2 2
Snildalsli 986 86 1 1 2
Aunet 987 87 2 2 4
Vuttudal 991 91 10 12 18
Langlia 992 92 2 2 2
Kvålslettet 993 93 1 1 1

Matrikkelgardar i noverande Heim kommune

Desse gardane ligg i Ytre Snillfjord.

Namn Gnr Gammalt gnr Bruk 1886 Bruk 1904 Bruk 1950
Sandvik 488 88 1 2 2
Skorillen 489 89 3 3 5
Åsen 490 90 1 1 1
Selnes 494 94 3 3 7
Volden 495 95 4 5 16
Venna 496 96 4 4 9
Forren 497 97 3 3 5
Berdal 498 98 4 4 10

Sjå òg

Kjelder