Matrikkelgardar i Ytre Agdenes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Det ligg 25 matrikkelgardar i Ytre Agdenes. Agdenes kommune vart delt frå Ørland kommune i 1896, og da Agdenes vart samanslegen med Lensvik kommune og delar av Stadsbygd kommune i 1964, vart Ytre Agdenes delt frå og lagt til Snillfjord kommune i staden. Området hadde 196 innbyggjarar i dette året. I 1995 vart òg grenda Moldtun med 21 innbyggjarar overført frå Agdenes til Snillfjord, etter eige ønske: Grenda hadde nemleg fått vegsamband i 1994, og da vegen kom, var det mot Snillfjord.

I 2020 vart Snillfjord delt i tre mellom Hitra, nye Heim og Orkland kommunar. Av dei 25 matrikkelgardane i Ytre Agdenes gjekk 14 til Orkland, mens 11 gjekk til Hitra.

Matrikkelgardar i noverande Orkland kommune

Desse gardane ligg vest om Verrafjorden og kring Imsterfjorden.

Namn Gnr Gammalt gnr Bruk 1886 Bruk 1904 Bruk 1950
Terningen 932 32 2 3 5
Seternes 933 33 2 2 3
Baret 934 34 1 2 2
Abelvik 935 35 1 1 1
Moldtun 936 36 1 1 7
Slavik 937 37 3 3 6
Ramvik 938 38 2 2 2
Rørnes med Skevik 939 39 1 1 2
Tyskøya 940 40 1 1 1
Ramsvik 941 41 1 1 1
Imstra 942 42 1 2 2
Fenes 943 43 2 3 7
Elva 944 44 3 3 3
Halsen 945 45 2 2 2

Matrikkelgardar i noverande Hitra kommune

Desse gardane ligg i hovudsak kring Vingvågen.

Namn Gnr Gammalt gnr Bruk 1886 Bruk 1904 Bruk 1950
Viken 246 46 1 1 2
Åsøen 247 47 1 1 2
Aunet 248 48 1 1 1
Kongsvoll med Kvernhusvik 249 49 1 1 10
Sjursvik 250 50 1 2 4
Våberget 251 51 2 2 2
Halsen 252 52 1 1 3
Djupå 253 53 2 2 3
Vingan 254 54 4 4 12
Kamvik 255 55 2 2 2
Halten 256 56 1 1 1

Sjå òg

Kjelder