Meierismuget

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Meierismuget med «Bluesbakken» til venstre.
Foto: Roy Olsen (2017).

Meierismuget i i Midt-Telemark kommune er ein kort stikkveg som går inn frå Bøgata i sentrum.

Vegen har fått det uoffisielle namnet sitt etter tidlegare Bø Meieri.

Inst i den 85 meter lange vegen ligg eigedomen «Flatmo» som er ein av dei eldste bygningane i Bø-byen. Kittil Olavsson frå Liabakken kjøpte tomta i 1896 og sette opp det vesle huset. Dette var ein sentral stad for mange studentar i 1970, 80 og 90-åra, kjend under namnet «Bluesbakken». Erik Bredrup hadde sin brukthandel i Meierismuget i mange år, og hadde ofte auksjon på laurdagar. Dette var på 1970–80-talet.

Kjelder


Koordinater: 59.41415° N 9.06251° Ø