Michael Sundt Døderlein

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Michael Sundt Døderlein (fødd i Christiania 6. januar 1740, død same stad 23. april 1786), var offiser, lærar og den fyrste politimeisteren i Christiania.

Han var son av Georg Michael Døderlein (1699-1763) og den fyrste kona hans, Sofie Methea Holck (1713-1740). Michael var einebarn i det ekteskapet, men fekk tre halvsysken, etter at faren gifta seg på nytt i 1744. Michael Sundet Døderlein levde ugift.

Faren var styrar og lærar ved Den matematiske skole (Krigsskolen) i Christiania, og Michael gjekk sjølv denne skolen i det det fyrste kullet, uteksaminert i 1754. Han fekk «gradene»/yrkestitlane verksbase og underkonduktør og vart sekondløytnant da artillerikorpset vart oppretta i 1764, og forfremma til premierløytnant året etter.

Etter avslutta krigsskole hadde han i fleire år assistert faren i matematikkundervisninga ved skolen, og vart i 1765 utnemnd som «informator» der med bestalling som professor i matematikk («Professor Matheseos med liige Rang, som Professorerne ved Universitetet udi [...] København»). I 1770 gav han ut eit kompendium til bruk i undervisninga, Forelæsninger over Mathesis Pura og Land-Maalingen.

I 1778 vart Døderlein utnemnd til politimeister i Christiania, den fyrste som hadde dette embetet. Men han held fast ved stillinga ved Krigsskolen til sin død.

Kjelder og litteratur

  • Bull, Francis: Artikkel om Michael Sundt Døderlein i Norsk biografisk leksikon (1926).
  • Hosar, Hans P.: Kunnskap, dannelse og krigens krav. Krigsskolen 1750-2000. Elanders Publishing 2000.
  • Ovenstad, Olai: Den norske hærs officerer, bd. 1, Oslo 1948.
  • Sinding-Larsen, Fr.: Den norske Krigsskoles Historie i ældre Tider. Kristiania 1900.