Michel Olsen (n. 1547)
Michel Olsen var prest.
Han er nemnd som sokneprest i Gildeskål prestegjeld i 1547, då sett han ilag med Hr Torben Bratt opp ei jordebok.[1]
Andreas Erlandsen nemner han ikkje i si presteliste for Gildeskål, den byrjar i 1600 med Torkild Haraldsen (d. 1613).[2]
Erling Vegusdal kallar han Mickel Olufssøn og skriv at han var sokneprest i Gildeskål frå 1547 til sin død i 1595, og at han er gravlagd i lik-kjellaren i Gildeskål gamle kyrkje. Vegusdal skriv vidare: «En vet at han fikk bekreftelse på at han for seg og sine ettermenn i kallet skulle få kirkens renter til eget bruk, likesom hans formenn hadde hatt fra Arilds tid, mot at han og hans ettermenn i kallet skulle holde kirken i hevd med brød og vin.»[3] Vegusdal oppgjev ikkje nokon kjelder for noko av dette. Dahl oppgjev kjelde for at ein annan prest, Harild, var i Gildeskål i 1563.[1]
Dahl skriv at Michel Olsen truleg er «identisk med den som senere var prest i Steigen»,[1] som då må vere Mikkel Olufsen (d.1599), sokneprest i Steigen prestegjeld frå 1560 til 1599.
Referansar
Kjelder
- Dahl, Svein Tore. Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536-1700. Utg. S.T. Dahl. Trondheim. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket. s. 313
- Erlandsen, Andreas. Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift. Utg. Chr. Tønsbergs Forl .. Christiania. 1857. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Vegusdal, Erling. Beiarn soknekalls historie. Utg. Lokalhistorisk forlag. Espa. 1992. Digital versjon på Nettbiblioteket. s. 65
| Artikkelen Michel Olsen (n. 1547) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |