Klima- og miljødepartementet
(Omdirigert fra «Miljødepartementet»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Klima- og miljødepartementet blei oppretta som Miljøverndepartementet i 1972, og fekk sitt noverande namn i 2014. Det var det første miljøverndepartementet i verda. Ved sidan av miljøsakar knytta til slikt som forureining, bærekraftig utvikling og klimapolitikk har departementet òg ansvar for kulturminnevern.
Departementet helde til i Myntgatekvartalet frå det vart oppretta og fram til 2015, då det flytta til Kongens gate 20 i Oslo.
Statsråder
- Olav Gjærevoll (Ap), 1972.
- Trygve Haugeland (Sp), 1972–1973.
- Helga Gitmark (Sp), 1973.
- Tor Halvorsen (Ap), 1973–1974.
- Gro Harlem Brundtland (Ap), 1974–1979.
- Rolf Hansen (Ap), 1979–1981.
- Wenche Frogn Sellæg (H), 1981–1983.
- Rakel Surlien (Sp), 1983–1986.
- Sissel Rønbeck (Ap), 1986–1989.
- Kristin Hille Valla (Sp), 1989–1990.
- Thorbjørn Berntsen (Ap), 1990–1997.
- Guro Fjellanger (V), 1997–2000.
- Siri Bjerke (Ap), 2000–2001.
- Børge Brende (H), 2001–2004.
- Knut Arild Hareide (KrF), 2004–2005.
- Helen Bjørnøy (SV), 2005–2007.
- Erik Solheim (SV), 2007–2012.
- Bård Vegar Solhjell (SV), 2012–2013.
- Tine Sundtoft (H), 2013–2015.
- Vidar Helgesen (H), 2015–2018.
- Ola Elvestuen (V), 2018–2020.
- Sveinung Rotevatn (V), 2020–2021.
- Espen Barth Eide (Ap), 2021–.
Underliggande einingar
Departementet har per 2018 følgjande underliggande einingar:
- Artsdatabanken.
- ENOVA.
- Meteorologisk institutt.
- Miljødirektoratet.
- Norsk kulturminnefond.
- Norsk Polarinstitutt.
- Riksantikvaren.
- Svalbards miljøvernfond.