Minnestein over Mensen Ernst

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnestein over Mensen Ernst.

I 1987 vart ein minnestein sett opp ved Modig IL sitt idrettsanlegg i Fresvik i Vik kommune. Steinen var til minne om storløparen Mensen Ernst som opphavleg kom ifrå Fresvik.

Løparen

Løparen Mensen Ernst er svært kjend for alle løpa han har sprunge og lengden på dei. Den fyste konkuransen han var med, var i Sør-Afrika i 1813. Då han kom til London i 1818, starta han som pedestrian, ein som spring lange distansar for betaling. Løpa Det fyrste viktige løpet hans var frå London til Portmouth. Lengden på 116 km skal han ha sprunge på 9 timar. Etter dette løpet byrja ryktet å spreie seg, og han vart kjend i store delar av Europa. Paris-Moskva er utvilsomt det løpet han er mest kjend for. Her sprang han ein distanse på 2500km på 15 dagar, det vil seie 170km kvar dag.

Dødsløpet

I samarbeid med greven av Pûckler-Muskan planla Mensen Ernst å springa Afrika på langs for å finna kjelda til Nilen. Sommaren i 1842 reiste han til Kairo, der han starta løpet sitt. etter å ha sprunge over 1000km, kom Mensen til Aswan. Her blei han smitta av Dysenteri. Dei fann han død, sittande attmed eit tre, der Aswan-dammen ligg i dag. Greven reiste ei støtte over grava hans i Aswan. På denne støtta stod det: Rask som en hjort, hvileløs som en svale. Jorden hans arena-aldri så hans like.

Minnesteinen

bildetekst

I boka Løparkongen skriven av Bredo Berntsen, står det at Mensen Ernst var fødd på Øyri i Fresvik i 1795, og hadde namnet Mons Monsen Øyri. Idrettslaget Modig bestemte seg då for å markere denne løparkongen. Dei fekk med god innsats henta ned ein stor naturstein ifrå Fresvik-Asen. Denne teksten vart då inngravert:

Til minne om
Løparkongen
Mensen Ernst
(Mons Monsen Øyri)
frå Fresvik
1795-1843
Om vegen tidt
var bratt og lang
like fullt
du la på sprang
med vilje, mot og
spenst i kroppen
hamna du på
verdstoppen

Dette verset er skrive av Sigurd Høgheim.

Avdukinga

Steinen vart sett opp ved idrettsbana, og blei avduka i august 1987 av Bredo Berntsen. I forbindelse med dette arrangerte Modig det første Mensen Ernst minnesløpet. Ifrå denne gongen har det vore Mensen Ernst minneløp kvart år. På kvelden hadde idrettslaget og sogelaget stelt i stand ein fin kulturkveld.

Livsstilveka

I samband med Livsstilveka i 1990, vart Fresvik sett i fokus nok ein gang. Den 25.mai fekk me besøk av eit stort følgje, deriblant mange deltakarar frå Vikingløpet i Balestrand. Grete Waitz, Joan Benoit og Frank Shorter la krans på minnesteinen over Mensen Ernst. Arrangementet vart svært vellykka, og innslag herifrå fekk og pressedekning i NRK i den beste sendetida på 17.mai året etter. I Livsstilveka i 1995 fekk Fresvik nok ein gang besøk av store namn som Audun Boysen, Ernst Larsen (Kruska-Larsen) og Egil Danielsen.

I 2008 var Linda Eide frå NRK i Fresvik og kåra Mensen Ernst til ein Norsk attraksjon. Ho skulle springa til Bergen frå Fresvik, men måtte gi opp på Voss.

Kjelder

Skriftlege kjelder:

Munnlege kjelder:

  • Kåre Bøthun

Forfattar: Rolf Eirik Bøthun Olsen 2008, 8. klasse

Minnesteinen over Mensen Ernst er ein del av Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Minnestein over Mensen Ernst er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.