NEG 105 Sauehald
(Omdirigert fra «NEG 105»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
NEG 105 Sauehald er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1964 med tittel Sauehald. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Gustav Nærland.
Introduksjon til spørjelista
Nokre drag i eldre tids stell av sauen har halde seg like til vår tid, men mykje er vorte annleis. Vi vil gjerne få opplysningar om det som ein hugsar om sauestellet i eldre tid. Vi ber om at De, når svaret gjeld eldre tid, opplyser om korleis ein gjer det nå, og at De, dersom det er mogeleg, fortel når skiftet gjekk for seg. Denne gongen tar vi difor ikkje med det stereotype spørsmålet ”Korleis er det med dette i dag?”
Siste delen av emnelista, eit avsnitt om sauesjukdomar og husråd mot dei, er skriven av fylkesveterinær Gustav Nærland.
Brukt i publikasjonar
- Gjertsen, Karl Ragnar: Byggeskikk på Krossøy : en undersøkelse fra Austrheim i Nordhordland. I: By og bygd 27(1978) s. 21-68. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ropeid, Andreas: Produksjon og kosthald ved fjorden : døme frå Nordfjord. I: Norveg 19(1976) s. 181-209. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Sjå også
- Fullstendig register over spørrelistene NEG har sendt ut mellom 1946 og 2016.
Eksterne lenker
- Sauehald (ekstern lenke til spørjelista)