NEG 109 Forkynnarar

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «NEG 109»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sosialarbeidere og forkynnere Haakon Storm (1879–1966) t.h. og Ludvig Monsen (1874–1949).
Foto: Fra boken Folk og forhold i Gamle Stavanger.

NEG 109 Forkynnarar er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1965 med tittel Forkynnarar. Utsendar var Andreas Ropeid.

Introduksjon til spørjelista

Norsk etnologisk gransking har sett seg føre å samla inn biografiske opplysningar om norske emissærar, evangelistar og forkynnarar. Dei fleste av desse opplysningane vil vera å finna i prenta kjelder og i arkiva til dei kristelege organisasjonane. Det vil likevel vera til stor hjelp for oss dersom De kunne senda oss opplysningar om dei emissærar og forkynnarar som er fødde eller har budd (bur) i Dykkar bygd.

Vi vil gjerne få opplysningar om namnet til vedkomande, når og kvar han/ho vart fødd, kva foreldra heitte, kva yrke faren hadde og i tilfelle kva for organisasjon han/ho var, (er) tilsett i eller arbeidde (arbeider) for.

Vi vil også gjerne få andre opplysningar om desse forkynnarane, t.d. forteljingar og tradisjon som viser arbeidsmåten deira og særlege evner som dei hadde eller har. Likeeins om dei var (er) med i kommunalt styre og stell eller anna offentleg arbeid, og kva oppgåver dei hadde (har) i så måte.

Dersom det skulle vera vanskeleg for Dykk å finna rette fødselsdatoen, skal De ikkje leggja ned altfor mykje arbeid på det, men gi opp fødselsåret så nokolunde, t.d. innanfor ei femårsgrense.

Brukt i publikasjonar

  • Skjelbred, Ann Helene Bolstad: Hva slags svar? Spørrelister som metode og materialet som kilde. S. 22-41 i Kunnskapssamtaler. Red. Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue. Utg. 2006, (By og bygd xxxix). Digital versjonNettbiblioteket.

Sjå også

Eksterne lenker