NEG 253 Fadderskap

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Døypefonten i Edøy gamle kyrkje, Smøla.
Foto: Olve Utne (2007).

NEG 253 Fadderskap er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2015 med tittel Strikking. Utsendarar var Birgitte Lerheim ved Det teologiske fakultetet på Universitetet i Oslo og Line Grønstad i samband med eit forskingsprosjekt om korleis faddarskap vert forstått og praktisert.

Introduksjon til spørjelista

Den som svarar på lista er samd i at svaret blir arkivert (anonymt) og brukt av forskarar i dag og i framtida. Brukarar av materialet pliktar å verne integriteten til opphavspersonen og eventuelle andre personar skildra i svara.

Fadrane er personar som får eit spesielt ansvar for barnet under dåpen eller liknande seremoniar. Men kva tenker vi i dag er oppgåvene til ein fadder? Og kva for erfaringar har vi med å ha, vere og velje fadrar.

Svara skal brukast i eit forskingsprosjekt om korleis fadderskap blir forstått og praktisert i dag leia av Birgitte Lerheim ved Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo. Resultata frå prosjektet vil bli publisert som ei eller fleire artiklar i ei bok med andre historiske og aktuelle artiklar om fadderskap.

Skriv gjerne lange og detaljerte svar! Hugs, du treng ikkje svare like mykje på alt, hopp over spørsmål du ikkje kan eller ønskjer å svare på.

For NEG er det innhaldet og ikkje rettskrivinga som er viktig. Svar på det målføret du ønskjer. Det er dine opplevingar og minner vi vil høyre om. Les gjerne gjennom alle spørsmåla i undersøkinga før du byrjar å svare. Send oss svaret i posten eller bruk e-postadressa øvst. Gode helsingar.

Sjå også

Eksterne lenker