NEG 5t Vannbæring

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fru Svendsen bærer vatn frå Drammenselva.
Foto: Eiker Arkiv

NEG 5t Vannbæring er eit tillegg til spørjelista NEG 5 Vannbæring sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1947 med tittel Vannbæring. Etter at det kom svar inn til NEG 5, kom det fram informasjon som krav nye spørsmål. Resultatet vart å sende ut NEG 5t. Utsendar var Lily Weiser-Aall. Svara til desse to listene er arkivert i lag under NEG 5 Vannbæring.

I 1960 sendte Lily Weiser-Aall ut ei spørjeliste med relaterte emne om menneskeskapte vasskjelder, NEG 82 Brønner.

Introduksjon til spørjelista

Tilleggsspørsmål til nr. 5, Vannbæring

I Tinn i Telemark har ein for eit par mannsaldrar sidan bore vatn på ei lang stong. Ein bar den eine enden over aksla, den andre enden drog ein etter seg på marka. Karet hekk på stonga bak ryggen åt den som bar (drog). Ein liten mothake på stonga gjorde at handtaket på bøtta ikkje gleid. Stonga var såpass mjuk at vatnet ikkje skvampla over. Utanom denne opplysninga kjenner ein no denne metoden berre frå Värmland i Sverike. Det kan henda at det tidlegare har vore meir vanleg å bera vatn på denne måten. Hugsar nokon i Dykkar bygd noko om det?

Sjå også

  • Fullstendig register over spørrelistene NEG har sendt ut mellom 1946 og 2016, og les meir om NEG og deira kulturhistoriske og etnologiske arbeid.

Eksterne lenker