NEG 99 Praktisk misjonsarbeid - tilleggsliste
(Omdirigert fra «NEG 99»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
NEG 99 Praktisk misjonsarbeid - tilleggsliste er eit tillegg til spørjelista NEG 90 Praktisk misjonsarbeid sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1963 med tittel Praktisk misjonsarbeid. Etter at det kom svar inn til NEG 90 Praktisk misjonsarbeid, kom det fram informasjon som krav nye spørsmål. Resultatet vart å sende ut NEG 99 Praktisk misjonsarbeid - tilleggsliste. Utsendar var Andreas Ropeid.
Introduksjon til spørjelista
- 1. Har det i Dykkar bygd vore einskildpersonar eller grupper som har vore mot at ein skulle driva misjonsarbeid mellom heidningane og motivert dette med å visa til orda i Apostelgjerningane, 2, 5-12? – Der står det at på den første pinsedagen i Jerusalem var alle folkeslag samla der og høyrde pinsebodskapen. Dermed er Guds ord gått ut til heidningane og ein treng eller bør ikkje bera det fram for dei ein gong til.
- 2. Kva for einskildpersonar var i tilfelle dette (gjev opp namn, yrke, fødselsog dødsår) og kva for kristeleg ”retning” høyrde dei til?
- 3. Kva for gruppe var i tilfelle dette, når eksisterte den, kor stor var den, og kva for kristeleg ”retning” høyrde den til?
- 4. Har det vore andre kristelege einskildpersonar eller grupper som av andre grunnar var mot misjonsarbeidet, og korleis motiverte dei i tilfelle sitt syn?
Brukt i publikasjonar
- Skjelbred, Ann Helene Bolstad: Hva slags svar? Spørrelister som metode og materialet som kilde. S. 22-41 i Kunnskapssamtaler. Red. Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue. Utg. 2006. (By og bygd xxxix). Digital versjon på Nettbiblioteket.
Sjå også
- Fullstendig register over spørrelistene NEG har sendt ut mellom 1946 og 2016.
Eksterne lenker
- Praktisk misjonsarbeid (ekstern lenke til spørjelista)