Natadalsvegen

Natadalsvegen i Flatdal i Seljord kommune går søraustover frå Flatdalsvegen og gjennom Åsegrendi til Natadalgardane. Fram hit går vegen gjennom kupert jordbrukslandskap med mange gardar og ein del bustadhus og har fleire sidevegar. Etter vegbom ved Øvre Natadal er det berre skog, og vegen går vidare austover mot Mælefjell som skogsbilveg og greiner seg ut over eit stort område. Ei grein endar ved Sundbø-Mælestaul.

Parti frå Natadalsvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter Natadalgardane (gnr. 72) og blei namnsett i 2005.

Sjå også

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.57512° N 8.56383° Ø