Nedre Borgvin (veg i Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Nedre Borgvin»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nedre Borgvin sett østover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Nedre Borgvin i Breisås i i Midt-Telemark kommune går nordover frå Venåsvegen i bustadfeltet Borgja Terrasse og ender blindt ved nr. 74/76. Han er 257 meter lang.

Vegen har namn etter garden Borgja og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av tre terrasseblokker i nedre del av vegen, oppført kring 1976, og er ein del av Borgja Terrasse 1 boligsameige. I enden ligg ein einebustad og ein tomannsbustad.

Om namnevalet for Nedre- og Øvre Borgvin uttalte Vegnamnsnemda: «Nemda har ved dette namneframlegget festa seg ved at det er alt som talar for at nemnet Borgvin var nemnet på Borgja i eldre tid. Namnet Borgja kjem av Borg og vin. Dessutan har namnet i seg sjølv ein særmerkt og fin klang».

Kjelder


Koordinater: 59.40125° N 9.07366° Ø