Nes mållag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nes Mållag arkiv
Arkivinstitusjon: Evju Bygdetun
Arkiv-id: EBK-P-104
Frå år: 1897
Fylke: Telemark
Kommune: Midt-Telemark
Stad: Evju Bygdetun
Omfang: 0,15
Innhald: Møtebøker, korrespondanse, springlister, rekneskap
Digitalt innhald: Arkivkatalogen

Nes mållag i Midt-Telemark kommune blei stifta på Gvarv 4. oktober 1908 av blant andre Ketil Skogen, tidlegare stortingsrepresentant for Venstre. Laget eig Kjernehuset i Gvarv sentrum som er pussa opp og som starta opp att med serveringsverksemd og konsertar våren 2013. I 2021 er det Frivilligsentralen i Sauherad som held til i bygget.

Målrørsla hadde større nedslag i tidlegare Sauherad kommune enn ungdomsrørsla, som båe vaks fram frå slutten av 1800-talet. Berre to år etter at Noregs mållag vart skipa i 1906, tok jusstudenten Ketil Skogen initiativ til eit møte på Gvarv for oppretting av Nes mållag. Læraren Erik Gunheim vart valt til formann. Gunheim og Skogen, som seinare vart leiar for laget, vart sterke pådrivarar for fremjing av nynorsken. Rolleiv Lønheim var ein annan sentral mann i mållagsarbeidet. Han var formann i fleire perioder både før og etter andre verdskrigen, og var i 1983 fyrste æresmedlemet i laget.

Å innføre nynorsk som kyrkjespråk var høgt prioritert, og i 1909 hadde Nes kyrkje si fyrste målgudsteneste.

Allereie fyrste året vart det oppretta eit handskrive blad, Fossegrimen. I tillegg til medlemene sine eigne tekstar og dikt, kom fleire prominente nynorskforfattarar på prent i bladet, mellom anna Ivar Aasen, Aasmund O. Vinje, Rasmus Steinsvik, Per Sivle, Lars Eskeland, Anders Hovden, Arne Støylen og Arne Garborg.

Dei fyrste 10-15 åra var Nes mållag einaste målorganisasjon i kommunen. I stiftingsåret talde medlemslista 124 personar frå heile bygda. Årsmeldinga for 1909 synte at det vart halde 13 møte, av dei tre festar og ein større basar. Til 10-årsfesten på Sagavoll hausten 1918 kom om lag 300 menneske. Det var formann Johannes Kittelsen som leia festen.

Frå slutten av 1920-åra minka aktiviteten i lage, og mellom 1931 og 1938 låg laget nede. Leiaren, Kristen Gunheim, lærar og bror til Erik, kalte likevel inn til årsmøte og selde julehefte. Etter at alt lagsarbeid vart lagt ned under okkupasjonen, fekk mållaget ei ny blomstring frå 1949. I midten av 1950-åra hadde laget opp mot 90 medlemer.

Kjelder og litteratur

  • Ulvenes, Halvor: Nes Mållag er i 100. I: Varden 2008.09.27. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Rovde, Olav: Artikkel i: Fosstveit, T., Lønheim, E., Rekkedal, P., Skobba, I., & Aarnes, T. (2023). Kultursoge for Sauherad. Sauherad historielag.