Nils Bakke

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Bakke ca. 1915-1920.

Nils Bakke (18871969) var ein felespelar av romanifolket og ein av dei viktigaste tradisjonsberarane av folkemusikken på Nordmøre kring midten av 1900-talet.

Biografi

Nils Gulbrand Forselius Fredriksen Bakke vart fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag den 10. januar 1887 av Anne Kathrine Gulbrandsdatter (Rosenberg) (Nordli 1847- Lesja 1906) og Kristian Fredrik Benjaminsen Forselius (Elverum 1859-Kristiansund 1935). Nils var god ven med Erik Almhjell og Magnhild Havdal Almhjell og spela mykje saman med Erik og med Hallvard Ørsal. Utanom musikken arbeidde Nils Bakke blant anna på Løkken verk og ved Gideon Motorfabrikk i Molde. I sine seinare år budde Nils på Innlandet i Kristiansund. Nils Bakke døydde der den 11. august 1969.

NRK gjorde nokre få lydopptak av Nils Bakke, deriblant ein halling og ein springar. Ein finn elleve opptak av Bakke på Etnisk Musikklubb CD EM09, Slåtter på vandring. I 2018 ga Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ut eit notehefte med 28 slåttar og ein CD med spelet hans.

Lydopptak

Kjelder og lenkjer