Nils O. Dannemark (1886–1969)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils O. Dannemark

Nils Olsen Dannemark (fødd 22. februar 1886, død 24. mars 1969)[1] var gardbrukar i Sigdal. Han var fødd i Båseroa i øvre Sigdal.[2] Foreldra hans var Ole O. Dannemark (1856–1927) og Else Marie Nilsdotter f. Gutterud (1861–1948), begge var frå Krødsherad. Dei dreiv den vesle garden Setra i Eidalsroa i øvre Sigdal frå dei kjøpte han i 1891 og fram til mannen døydde.[3] Ole O. Dannemark var i tillegg til å vera gardbrukar snikkar og tømrar i Sigdal, og han var mangeårig medlem av heradsstyret.[4][5] Han var son av Ole N. Dannemark (1819–1874).[6]

Nils O. Dannemark fekk agronomutdanning på Sem landbruksskole i Asker frå 1905 til 1907.[7] Han arbeidde så som gardsarbeidar nokre år etter landbruksskolen og forpakta og styrte gardar fram til han og kona kjøpte ein av Bergan-gardane, gardsnummer 1, bruksnummer 4, i nedre Sigdal i 1924. Garden vert kalla Berganhagan.[8][9] Frå 18. februar 2022 er det eit av tippoldebarna deira som eig og driv garden.

Nils O. Dannemark var svært aktiv i lokalsamfunnet. Han sat i heradsstyret frå 1928 til 1937 og frå 1945 til 1951. I den siste bolken var han varaordførar og medlem av formannskapet. Han var innvald for Venstre. Han hadde òg ei rekkje andre kommunale tillitsverv, t.d. var han skjønns- og domsmann og medlem av styret for folkeboksamlinga. Han var også formann i styret for Kolsrud meieri frå 1939 til drifta vart innstilt i 1941. Han var revisor i Sigdal Sparebank frå 1934 og i over 20 år framover.[10]

I 1932 vart han leiar i Sigdal jordstyre og var leiar, sekretær og planleggjar fram til 1942. I 1945 vart han på ny sett inn i desse funksjonane og sat fram til 1955.[11] Han var leiar i Sigdal Landbrukslag i fire år.[10] I 1966 fekk han fekk Buskerud Landbruksselskaps sølvmedalje med diplom.[11][12]

Han vart gift med Ingeborg Olsdotter Mjøseng (1887–1969) i 1914. Dei hadde ei dotter og sju søner.[9]

Referansar

  1. https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001758089
  2. https://media.digitalarkivet.no/view/5906/136
  3. Andreas Mørch (1954): Sigdal og Eggedal. Bd. 3. Gard og slekt, Sigdal og Eggedal historielag, s. 689f.
  4. T. Skatvedt (1914): Sigdal og Eggedal, s. 83. Kristiania: Grøndahl og Søns Boktrykkeri
  5. https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=0621&kenr=008&bnr=0037
  6. Andreas Mørch (1974): Krødsherad.Bd. 1. Gard og slekt. Krødsherad kommune, s. 347
  7. Spreke bønder minnes skolegang på Sem i Asker for seksti år siden. Drammens Tidende og Buskeruds Blad, nr. 155, s. 2.
  8. 70 år. Drammens Tidende og Buskeruds Blad, februar 1956.
  9. 9,0 9,1 Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal bd. 2, s. 16.
  10. 10,0 10,1 75 år. Drammens Tidende og Buskeruds Blad , februar 1961
  11. 11,0 11,1 Landbruksselskapets medalje overrakt Nils O. Dannemark Drammens Tidende og Buskeruds Blad, 16. juli 1966
  12. Landbruksselskapets sølvmedalje med diplom til Nils Dannemark, Sigdal. Fremtiden 15.7.1966

Litteratur og kjelder