Lyngshest

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Nordlandshest»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein lyngshest eller nordlandshest

Lyngshest eller nordlandshest er ein hesterase frå Nord-Noreg. Lyngshesten blir rekna som ein stor ponni. Mankehøgda er kring 130–140 cm. Fargen er vanlegvis brun, svartbrun, raud eller noko gråskimmel. Hovudbruken av lyngshestar er som ridehest og lett trekkhest.

Historie

Lyngshesten har anene sine frå dei småe vikinghestane og er ein sterk og nøysam hest med gode bein og hovar. Han vart sett til arbeid på garden eller ute på marka og var vant til å jobbe hardt. Desse hestane var aldri i hus og fekk ikkje tilskot av kjøpefôr slik det er vanleg i dag. Dei måtte skaffe seg mat sjølve i inn- og utmark. Dei åt det mest dei kom over av grønt.

I 1930 var rasen utrydningstruga, og det vart sett i gang organisert al. Rasen vart mesta utrydda under andre verdskrigen, da berre et fåtal hestar overlevde dei siste krigsåra. Dei seinare åra har rasen vorte meir populær over heile Noreg. Da traktoren tok over i gardsarbeidet i 1960-åra, var situasjonen framleis ikkje bra for lyngshesten. Det var stadig færre som heldt hest, og mange gode gen gjekk tapt.

Rasen vart kalla lyngshest fram til 1968, men frå da av er namnet nordlandshest vorte vanlegare. I dag er det kring 3 000 lyngshestar i Noreg, og det blir årleg fødd kring 200 fol.

Nordlandshest med fol på Tustna.
Foto: Olve Utne

Dagens hestar

Dagens hestar har svært gode kjøre- og rideeigenskapar. Denne hesterasen er ein god førstegongshest som eignar seg i alle ridegreiner. Han har eit fint og roleg gemytt, men kan stundom vera noko sta. Hesten er noko større enn islandshesten og har ei meir rektangulær kroppsform — typisk for arbeidshestar. Det er mykje fargevariasjon i rasen, og dei fleste fargane er godkjente — anna enn blakk (som fjordingen).

Kjelder og lenkjer

Sjå òg


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Lyngshest» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.