Nordli Lien (Bykle gnr 3/164)
Nordli Lien | |
---|---|
Rydda: | 1978 |
Utskilt: | 1978 |
Stad: | Berdalen |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 3 |
Bnr: | 164 |
Type: | Bustadseigedom |
Adresse: | Nordlivegen 2 |
Nordli Lien ligg like nordanfor tunet på Nordli, bnr 18. Ho vart utskilt derifrå i 1978, då Kay Jeiskelid selde henne til I/S Øvre Otra. Kraftselskapet sette opp huset her, og overdrog eigedomen til Sjur S. Vatnedalen frå Nordstog Dalen, gnr 6, bnr 1, avdi han og familien hans laut flytje frå garden sin pga. kraftutbyggjinga.
Me har omtala Sjur i bolken om heimebruket hans, men kona hans, som vart verande her etter at Sjur var borte, høver det likevel best å presentere på denne staden.
Lilly Esther (Vatnedalen) Stanescu, f 1943
- g 1. 1965 m Sjur Sjursson Vatnedalen, f 1919, d 1993. Born:
- Sjur Johan, f 1966, gbr, sb m Nina Jeiskelid, born; sjå Nordstog Dalen
- Alf Helge, f 1968, ug, sjåfør, busett her
- Helga Åshild, f 1974, ekspeditør, g m Helge Lindland, busett Helleland, born:
- Silje, f 1995
- Sjur Inge, f 1997
- Stian, f 2000
- g 2. 2000 m Nicolae Stanescu, f 1959
Lilly vart fødd i Little Norway i Toronto, Kanada, avdi foreldra hennes, som heitte Helga og Johan Karinius Sandstrøm, på den tid arbeidde på den norske flystasjonen der, faren som kokk og mora som omsorgsarbeidar. Sidan flutte dei til Morgedal, Kviteseid.
Lilly har arbeidd som hotellkokk. Elles er ho engasjert i Mållaget, særleg i den årlege redigeringa og utgjevinga av ein kalender med historiske fotografi frå Bykle, og i skriftstyret i Jol i Setesdal.
I 2000 gifte ho seg omatt. Den nye mannen hennes er frå Bucuresti, Romania.
Nordli Lien (Bykle gnr 3/164) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Granly • Neste bolk: Nordli Lien (II) |