Norefjell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn mot Norefjell frå Videvangen i Bærum.
Foto: H. Finstad (2011).

Norefjell er eit fjellmassiv mellom Eggedal i vest og Krøderen og Hallingdal i aust. Det ligg innafor dei tre kommunane Flå, Sigdal og Krødsherad. Dei høgaste toppane er Gråfjell på 1466 moh. og Høgevard på 1459 moh. Frå Høgevard har ein i klårt ver utsyn over kring 40 000 km², det nest vidaste utsynet etter Gaustatoppen.

Norefjell er eit populært mål for skituristar, og det er mange fritidsbustader i området. Det er òg fleire turisthytter der: Tempelseter, Sandvassetra, Toveseter og Høgevarde Under vinter-OL 1952 vart dei alpine greinene arrangert på Norefjell.

Fram til 1968 var det tamreindrift på Norefjell, og det er framleis ein villreinstamme i området.

Litteratur og kjelder