Notbruk i Løvika – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Notbruk i Løvik: Brørne Lars K. Løvik og Ola K. Løvik Hjelle f. 1926 fortel at der fanst ei not i Løvik som var brukt til å kaste etter småsei og makrell på Løvikbugen. Truleg kosta Løvikkarane denne i 1920 åra. Nota kunne vere ca. 25 famner lang og ca. 3 famner djup. Dei kan ikkje minnast at nota var brukt til å kaste på sild, iallefall var dette lite truleg. Seinare vart det kjøpt ei seinot (storseinot), men denne vart seld til Steinsvik notlag rundt 1935 for 1200 kr.-. Der var Jona-Jakob bas

Løvikbruka hadde også ein notbåt (gavlbåt). Den hadde plass i naust i Løvik

Beste kasteplassen var frå Naustneset og utover mot Løviknausta. Her var det fritt for «hengje», men lenger ute var det vanskelege botnforhold

Lars fortel at «Kalvegjæren» hadde ei lita smånot som han brukte til å kaste med på småsei og mort. Dette levde han på, - og så hadde han litt småarbeid rundtom i bygda

Ola meiner det også var ei smånot på Inste Reitane ( Rasmus, Sivert og Per)

Olav Lyngnes f.1921, dreiv ei tid med Kilenot på innsida av Lyngneset, ca. mellom Transelva og Lyngneset

Kjelder og informantar

Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal
  • Internet


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Notbruk i Løvika – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.