Notbruk i Velsvik – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
Velsvik i Dalsfjorden i Volda var felles for dei fleste bruka i Velsvik. Det er ingen som kjenner til kva årstal det vart kosta landnot i Velsvik og kor stor ho var. Ein må rekne med at dei òg hadde stengjenot
Jakob Koppen (f. 1928) og Olav H. Velsvik (f. 1940) fortel at notanaustet stod i naustrekkja, sør for der Velsvik kai ligg idag. Det finst ikkje lenger spor av dette. Notbåten var av gavltypen med rull bak. Der var også spelbåt. Etter det som er fortalt, var det Jakob O. Velsvik (f. 1873) som fungerte som notbas.
Notbruket var felles for dei fleste bruka i Velsvik. Også dei to bruka i Koppen og Høgstøylbruket var med. Truleg var brukarane i Korsfur også med, for dei brukte å springe vest til Stordalen, der dei ser til Korsfur - og rope «kom på nota». Dette var signalet om kasting. På naustvollen brukte dei å breide ut sildenøtene til turk.
Oddvar Høydalsvik har ikkje lukkast å få klarheit i kvar det vart av notbåtane dei hadde, men frå Høydal notlag har han fått vite at dei der hadde kjøpt not frå Velsvik i 1946-47. I Kassadagboka til Høydal notlag for 1947 er innført: «kjøp av Velsviknota kr.3000.-». Om denne handelen omfatta både landnot og stengenot er uvisst.
Nokre av bruka i Velsvik dreiv òg med laksenot sumarstida. I området ved Risneset og Storegjølet på sørsida av Voldshammaren dreiv bruka i Sjurgarden og Ottagarden felles kilenot. Dette var slik organisert at det eine bruket dreiv ei veke og det andre bruket neste veke, og såleis delte på fangstinga.
Olav H. Velsvik (f.1940) fortel at han sykla til Lauvstad og ekspederte sendingar med fersk laks til mottakarar i Ålesund. Fangsten var tydelegvis såpass «lukrativ» at dei fann det rekningssvarande å eksportere laks til byen.
Då samdrifta vart avvikla, dreiv Ottar Welsvik åleine og hadde vekselvis fleire kilenøter både ved Risneset og på vestsida av Svinvikneset. Robert Welsvik (f.1960) kjøpte ny kilenot og driv (2022) med denne vekselvis ved Svinvikneset og på Velsvika. Arne Velsvik (f. 1937) røktar nota i periodar når Robert er borte.
Kjelder og informantar
- Kvangarsnes, Hallstein f. 193?: Ingeniør og mangeårig leiar i mekanisk industri – har samla og skrive artikkelen Notbruk i Dalsfjord - i Minne frå Dalsfjord, Dalsfjord Sogelag 2011
- Minne frå Dalsfjord, Dalsfjord Sogelag 2011
- Lyngnes, Sverre 1965: DALSFJORD – Bygda - Gard og ætt https://www.nb.no/items/47e3686f63a708195385a7c7dfc75cbc?page=0
- Cronologier av Ole Reite
- Fiskebåtregisteret ved Austefjord Museum
- Busetnadssoga for Volda bd 1 + nokre tun bd 2
- Austefjord museumslag
- Herøy kystmuseum
- Høydal notlag
Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord
- Jakob Koppen
- Olav H. Velsvik
- Robert Welsvik
- John Thorvik
- Jon J. Kornberg
- Sverre Kvangarsnes
- Ivar A. Sætre
- Andè Sætre
- Solfrid Nautvik
- Asbjørn Åsebø
- Ola S. Løvik
- Lauritz S. Løvik
- Lars K. Løvik
- Ola K. Hjelle
- Arvid Rossetvik
- Annfred Lillenes
- Einar Furnes
- Bjarne Myklebust
- Olav Dalebø
- Jarle Dalebø
- Harald Mårstøl
- Jostein Mårstøl
- Norvald Mårstøl
- Åsta Mårstøl
- Arvid Eidså
- Rolf Eidheim,
- Arne Eidset
- Harald Eidset
- Jon M Steinsvik
- Hans J. Steinsvik
- Svein Øverberg
- Bjarne Drivdal
- Nils Jakob Drivdal
Notbruk i Velsvik – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |