Nylund (Sandnes gnr. 110/8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Li
Stad: Hommersåk
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 110
Bnr: 8
Type: gardsbruk
Adresse: Likaiveien 100

Li (Sandnes gnr. 110/8) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 46/8.

Brukarar

80. Ellef E. Dorga,

f. 1846, d. 1918. Son til Eilev Eilevsen Dorga i Sirdalen (sjå Sirdal g.o.æ. bd I, s 370).

Han var fyrst i Amerika der han dreiv med byg ningsarbeid. I 1897 kjøpte han dette stykket på Li og her var han småbrukar nokre år. Tidleg i dette århundret begynte den andre kona hans med landhandel, og så dreiv dei gjestgiveri. I 1917 selde dei det meste av stykket til ein virk somhet som begynte å ta ut sand på eigedom men. Men dei haldt igjen noko av stykket og huset, det leigde dei ut til arbeidsfolka. Sjølv flytta dei opp til Hogstad der dei kjøpte seg eit gardsbruk, men han døydde kort etter (Hogstad- 141).

G.m. 1) Ingeborg, f. 1850, d. 1904. Ho var frå Lunde i Sirdalen, 2) 1904 Gustine Hogstad, f. 1879, d.1970, dot ter til Ola Persen Kyllingstad, bonde på Hogstad (Hogstad-52). Gardsbruket på Hogstad blei seld, og Gustine budde sidan her på Li. Ho hadde då den delen av denne eigedommen som var blitt skilt ifrå i 1917 (nr 87).

Barn, i andre ekteskap:

  1. Ingeborg Gustine Elfrida, f. 1914.

I åra 1917-1921 blei det drive sandtak på denne eigedommen.

81. Sigvald Drivflaat,

f. 1892. Son til Ola Olsen Drivflaat, bonde i Espedalen i Forsand (sjå Forsandboka bd 111, s 352-354).

Tømmermann. Han kjøpte denne eigedommen i 1921 og hadde han til 1929/30. Drivflaat bygde hus på stykket og kona dreiv handel i underetasjen. Sidan flytta dei til Stavanger der han var byggmeister.

G.m. 1918 Inger Hogstad, f. 1900, dotter til Ola Persen Kyllingstad, bonde på Hogstad (nr 52).

Barn:

  1. Oskar, f. 1921
  2. Oluf,f.1926
  3. Signe Irene, f. 1929.

82. Martin Tendeland,

f. 1896, d. 1979. Son til Tørres Tendeland i Nedstrand.

Tidlegare var han styrar av Ualand handelsslag. Ca 1930 overtok han denne eigedommen og her dreiv han landhandel. Dessutan hadde han litt gardsdrift. Dei flytta herifrå midt i 1950-åra, seinare har dei hatt gard i Sveio i Sunnhordland.

G.m. 1928 Hulda Bjuland, f. 1903. Dotter til Ola Larsen Bjuland i Heskjestad (sjå Heskjestad g.o.æ. s 81, nr 30).

Barn:

  1. Torleif
  2. Olav
  3. Eva.

83. Endre Berge,

f.1919. Son til Gustine og Johannes Berge (nr 87).

Endre var kjøpmann på Li. Han dreiv og bakeri og kjørte varerute ("brødbil") i Riska og nabobygder. Her var fleire folk i arbeid, både på forretningen, i bakeriet og som sjåførar.

G.m. 1947 Ragnhild Endreberg, f.1917, ho er frå Mosterhamn i Sunnhordland.

Litteratur og kilder

Referanser