Nystøls Hotel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nystøls Hotel ei gong mellom 1888 og 1894.
Foto: Knud Knudsen

Nystøls Hotel låg nedanfor vegen mellom Myrane og Arbutun langs E134 i Vinje. Hotellet blei opna i 1887 og var i drift fram til 1897. Namnet på hotellet har truleg opphav i ein gamal støyl som stod nede ved Storlitjønna.

Historikk

Eivind T. Medhus (1826-1890) frå Røldal hadde kjøpt den austre delen av Nordistog Vågslid i 1867. Etter dette kalla han seg Eivind T. Vågslid. Det var han som fekk satt opp hotellet i 1887, med hjelp frå snikkarar frå Suldal. Sonen til Eivind, Torjus E. Vågslid (1868-1933) skal ha fortalt at det sat to mann, veke etter veke, og høvla materialar med tomannshøvel. Yngvar Nielsen skreiv at hotellet var under oppføring i 1886.[1] Det var ikke lenge Eivind dreiv hotellet før han døydde hausten 1890. Då tok sonen, Torjus, over drifta.

I folketeljinga frå 1891 bur Samuel E. Tveit (1866-1957) frå Suldal hjå Torjus.[2] Han er målar, og det er truleg han som har måla møblar, dører, tak og golv i bygningen.

I gjesteboka frå perioden 1895-1897 har ein turist frå Irland skrivi om opphaldet; "Aurefisking, 1.dag 10 aure, 2.dag 2 aure, tredje dag 85, 4. dag 101 (inkludert en aure på 4 pund). Meget komfortabelt hotel ,utmerket mat og den mest aktpågivende vertinne".[3]

Annonse i Morgenbladet 6. februar 1895.

Det ser ut til at drifta ved hotellet opphøyrer i 1897. I Yngvar Nielsens Reisehaandbog frå 1899 står det at det hotellet er stengt i 1898. Det var neppe noka god forretning å drive hotell i same område som alle dei andre hotella som vart bygd mellom Dalen og Odda på den tida.

Haukelidseter var det litt etter 1900 snakk om å setje opp ein ny bygning. Eitt forslag var å flytte det nedlagde Nystøls Hotel som var til sals. I eit prospekt frå 1903 er det bilde, grunnriss og rominndeling. Flyttinga av hotellet til Haukelidseter vart for dyrt.

I dag kan ein framleis sjå delar av murane nedanfor E134.

Referansar

  1. Morgenbladet 1886.10.30, s. 1.
  2. Folketellinga 1891.
  3. Gjestebok i privat eige.

Kjelder og eksterne lenker