Olaus Høydal
Olaus Høydal (fødd 25. mars 1913 i Seljord, død 14. mai 2003 på Notodden) var lærar og forfattar. Han voks opp på Ånåskosi i Langlim i Seljord, saman med sju sysken, deriblant forfattaren Aslaug Høydal. Seinare budde han på Notodden.[1]
Høydal arbeidde som lærar både i grunnskule og folkehøgskole. Han skreiv om lag 30 bøker utgitt på forskjellige forlag. Desse spenner seg frå barnebøker og romaner til skodespel og avhandlingar. Dessutan skreiv han eigen sjølvbiografi.
| Det har vore viktig for meg å skrive. Det har vore for lite å vera berre lærar. Det var så mange tankar ein gjekk med og så mange emne ein interesserte seg for. Så eg fekk lyst til å skrive. Det dukka opp i tanken eit emne eg gjekk og grubla på og utvikla i tankane. Når det var gjort, sette eg med ned for å skrive. Då eg fyrst hadde hovudtrekka klare, så kom detaljane og alt det andre til under skrivinga.[2] | ||
I 1995 fekk Olaus Høydal Heddal og Notodden Mållag sin målpris for god bruk av nynorsk.
Bibliografi
- Høydal, Olaus: Gutane i Ramnåsheia, 1942. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Rypefangarane i Rustfjell, 1946. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Nord i Vårbuli, 1947.Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Villstyring, 1948. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Helteliv ; skodespel i tre vendingar, 1953, Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Gap og gjøn : fire sketsjar, 1954. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Frå ungdomsliv til ekteskap, 1955. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Sumaren på Bjånes, 1957. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Buddhismen, 1963. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Erling rømmer heim, 1964. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Guds skodespelarar, 1965. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Nautkollen ler, 1966. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Frode på Færøy-ferd, 1967. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Kjellaug, 1967. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Steborn, 1969. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Berget opnar seg, 1972. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Murane, 1973. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Narresmokken, 1974. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Teater Mystica, 1975. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Det store UH, 1976. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Grodd av jord, 1978. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Steinar for brød, 1981. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Med sveitten i andletet : forteljing frå oppvoksteren min, 1985. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Høydal, Olaus: Trollbu-brev. Utg. O. Høydal. 1993. 52 s. ISBN8299133114. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Høydal, Olaus: Tussane i Tårenut, 1999. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder
- Lenke til biografi på Telemarksportalen.
Referansar
- ↑ Olaus Høydal i Historisk befolkningsregister.
- ↑ Lurås, Ragnar, "I den danske dronninga si seng", i "Jol i Telemark", 1999.