Olava Bertine Håland (1880–1941)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olava Bertine Håland, fra Våre falne.
Foto: Ukjent

Olava Bertine Håland f. Hauen (fødd 18. juli 1880 i Skudenes, død 28. november 1941 på Skudenesfjorden) var husmor. Ho var ei av de 33 som omkom då ruteskipet M/S «Vindafjord» vart senka av flybomber på Skudenesfjorden nord for Stavanger.

Olava Bertina, kalla «Lava», var dotter av Samuel Hauen (1848–1938) og Anna Serine Hauen (1852–1928).

I 1905 vart ho gift i USA med Børre Kristian Håland (1872–1959). Dei busette seg på heimstaden hans, bruket Håland i Kvitsøy kommune. Han hadde teke over det vesle bruket då faren vart sjuk. I 1905 var han på vitjing i USA, der han traff Lava i Sioux City. Den første dottera, Bertha Malene, vart fødd der i 1906. Dei fekk seks born til; yngstemann Peder Elin vart fødd i 1923. Det vesle våningshuset på Håland vart for lite for familien, og i 1925 bygde dei seg eit nytt hus der.

Den 28. november 1941 gjekk ho ombord på M/S «Vindafjord» i Stavanger. Båten gjekk til Kvitsøy og Skudeneshavn. Midt på Skudenesfjorden kom skipet brått under åtak frå eit fly, truleg eit engelsk Lockheed Hudson. To bomber traff, og kuler frå maskingevær smadra babord side. Fleire døydde eller vart skadde av skot eller av ekplosjonane. Skipet sank så snøgt at dei overlevande måtte kaste seg på sjøen, som var iskald. Berre ei redningsflåte havna i sjøen, og der var det ikkje plass til alle. Vi veit ikkje heilt kva som skjedde med Lava og to venninner som var med skipet, men dei kan ha vore i salongen då åtaket kom, og dei som var der rakk ikkje å kome seg ut.

Børre Kristian Håland gifta seg ikkje på ny. Han dreiv garden vidare saman med sonen Peder Elin.

Kjelder og litteratur