Ole Andreas Øverland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Andreas Øverland er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2021)

Ole Andreas Øverland (født 17. mars 1855 i Trondheim, død 20. juni 1911 i Kristiania) var historikar, kjend som ein popularisator med eit framifrå forfattartalent og ein stor produksjon. Noregshistoria hans var eit pionerarbeid.

Familie

Foreldra var tobakksspinner og handelsmann Ole Andreas Øverland (1819–71) og Gertine Birgitte, fødd Moe (1818–81). Han var gift første gong med Charlotte Louise Weltzin (1864-1900), gift andre gong i 1902 med Oline Brun (1858-1913).

Liv og arbeid

Ole Andreas Øverland studerte filologi og historie i Kristiania, men han vart sjuk og kunne ikkje ta eksamen. Han var tilsett i Riksarkivet 1879–85, og her fekk han levande interesse for det rike historiske tilfanget som han stadig kom over.

Det første større arbeidet Øverland fekk trykt, var avhandlinga "Armfeldts Tog nordenfjelds 1718" (i Historisk Tidsskrift 1878). Om somrane heldt han føredrag på lærarkurs ymse stader i landet, og fekk ry som ein populær og samstundes godt kunnig historieforfattar.

Det var Jacob B. Bull som først engasjerte Øverland til å skrive ei noregshistorie. Det var meininga at verket skulle koma som tillegg til Folkebladet i ti år. Tiltaket vart møtt med stor interesse, m.a. av Johan Ernst Sars, og forleggjarar gjorde avtale med Øverland om å utgje ei større noregshistorie. Etter ei ny avtale med Folkebladet, kom verket heftevis og vart avslutta i 1898 med året 1814. Noregshistoria vart trykt i ei praktutgåve i sju band, i tillegg kom ei folkeutgåve, Illustreret Norges Historie, i tolv band og vart mykje omtykt.

Øverland var òg medutgjevar av Norske Rigsregistranter og leverte elles spesialarbeid om ulike emne, t.d. "Kristiania Arbeidersamfunn 1864–89 (1889), "Jotunheimens Oppdagelse" (1896), "Møllergutten" (1896). Desse mindre arbeida vart utgjevne som sjølvstendige hefte, i alt nærare tretti stykke. Sidan vart dei samla i fem band med tittelen Norske historiske Fortællinger.

Da Øverland i 1897 var ferdig med den store noregshistoria, vart det teke initiativ til at han fekk ei fast årsløn frå Stortinget. Trass i at han var veikhelsa heldt han fram med historieskrivinga. I 1910 ga han ut Det gamle Norge i billeder og tekst, en norsk utgave av et plansjeverk med bilder av John William Edy.

Ettermæle

Faksimile; forsida av Ole Andreas Øverland sitt hefte om Sevleguten, utgitt i 1896.

Ole Andreas Øverland vart berre 56 år gamal, men etterlét seg ein stor produksjon. Han var ikkje nokon nyskapande historikar; han var ein popularisator med eit framifrå forfattartalent. Noregshistoria hans var eit pionerarbeid av di han nytta halvgløymde kjeldeskrifter. Verket vart selt i over tjue tusen eksemplar og var med på å gje lesarane ei forståing av nasjonal identitet.

I ein nekrolog over Øverland i Morgenbladets aftenutgåve 20. juni 1911 (usignert), vart hans arbeid med Noregeshistoria skildra slik (utdrag):

Øverland viste sig under utarbeidelsen av sit store verk som den flittige og skjønsomme samler og den kyniske forsker. Med dygtighed, ihærdighet og seig arbeidskraft førte han arbeidet frem til dets avslutning og hadde da den glæde at se det omfattet med en interesse, som skaffet det en utbredelse i vort land, som neppe er blit noget andet saa omfangsrikt verk tildelt.

Ole Andreas Øverland er gravlagd i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit bronserelieff av han.

Kjelder og litteratur