Ole K. Ødegaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Knutson Ødegaard (fødd 1847 i Vestre Slidre, død 1932 same stad) var lærar, politikar, lokalhistorikar og folkeminnesamlar. Foreldra var bonde Knut Ødegaard og Marit Holden. Han var gift med jordmor Marit Løken (f. 1845, d. 1900) frå Vestre Slidre.

Han avstod odelsretten og drog til ein lærarskule i Land seksten-sytten år gamal. Etter to år der var han ei stutt tid lærar i heimbygda før han tok til på Hamar seminar. Han tok eksamen i 1869.

Då han kom heim til Valdres, sette han i gang ein folkehøgskule i Vestre Slidre i 1870. Som medlærarar hadde han Olaus Thommessen og Hans Kraabøl. Skulen fekk ikkje offentleg stønad og laut slutte i 1872. Ødegaard gjekk attende til folkeskulen i bygda, der han arbeidde til 1889. Han kjøpte garden Løken (Løkji) i Vestre Slidre, og på garden var det i 1880-åra både skysstasjon og hotell.

Han var engasjert i lokalpolitikken og vart ordførar i 1883. Han slutta som ordførar da han vart lensmann i 1893. Han var stortingsmann for Venstre 1889–97 og 1903–06.

Som lokalhistorikar og folkeminnesamlar vart han ikkje produktiv før han vart gamal. Fyrste bandet av Gamalt fraa Valdres kom i 1911, og i dei følgjande åra kom det seks andre bøker i same rekkja. Nokre andre lokalhistoriske skrifter gav han òg ut.

Han skipa Valdres historielag i 1915 og var formann til han i 1932 sa frå seg attval. Han styrde òg tidsskriftet som laget gav ut.

Kjelder og litteratur

  • Beito, Olav T.: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind XIX. Oslo 1983.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!