Ole Tobias Olsen Berge (1847–1937)
Ole Tobias Olsen Berge (født 14. juli 1847 på Fister i nåverande Hjelmeland kommune, død 24. april 1937 på Finnøy i nåverande Stavanger kommune) var gardbrukar på Finnøy og handelsmann med frukt og grønsaker i Stavanger. Som ung brukte han namneformen Ole Tobias Olsen. Seinare i livet kalla han seg Ole Tobias Berge, ofte forkorta O. T. Berge.
Foreldre og søsken
Ole Tobias var eldste son til Berta Sofia Paulsdatter Kaada (1825–1902) og Ole Olsen Berge (1822–1911). Foreldra gifta seg i 1847 og dei budde hos hennar familie på Kaada på Fister då Ole Tobias blei født. Dei flytta så til Finnøy, der Ole i 1855 kjøpte ein del av Berge av broren Jens Olsen Berge (1816–1883). Bruket fekk namnet Bergjebakken (Finnøy gnr. 5/2). Berta Sofia og Ole fekk desse borna:
- Ole Tobias (1847–1937)
- Birte Sofie (1849–1878)
- Engeline (1851–1878)
- Olava Sofie (1854–1861)
- Anna Bertine (1858–1883)
- Børre Olaus (1862–ca 1885)
- Olava Sofie (1865–1871)
- Stefa Ademine (1869–1871)
Åra som ugift mann
Ole Tobias fortel i ein sjølvbiografisk avisartikkel i 1922 om åra som ung vaksen[1]. 17 år gamal blei han omgangsskulelærar i heimbygda, seinare gjekk han eit år på Kristiansands Underofficerskole (som han forlet som pasifist), etter dette var han anleggsarbeidar i tre år, han var fiskar og han reiste som omreisande handelsmann med ullvarer på Vestlandet og til Nord-Norge.
Ekteskap og eigen familie
På ei av handelsreisene på Vestlandet hadde Ole Tobias blitt kjent med Pauline Marta Jonsdatter Nordal (1860–1924) frå Vanylven. Ho hadde tatt utdanning som jordmor i Bergen, men var heime hos familien på Nordal då han kom dit som omreisande agent. Til dagleg blei ho kalla Lina.
Dei blei vigde 19. april 1887 på Finnøy, og dermed begynte ein ny epoke i Ole Tobias sitt liv. Han var då 39 år gamal, ho var 27 år. Den store familien hans var på dette tidspunktet blitt ganske liten; alle dei sju yngre søskena var døde. Foreldra sin gard var selt til Ola Kristian Bjørnsen Ladstein (1826–1907) som nå var enkemann etter den avdøde søstera Engeline. Ole Tobias fekk kjøpt farsgarden tilbake frå Ola Kristian i 1892. Dei gamle foreldra Berta Sofia og Ole blei buande på garden så lenge dei levde.
Ole Tobias og Pauline Marta fekk sju barn:
- Johanne Pauline, kalla Jenny (1889–1977)
- Olaus Berteus (1890–1961)
- Elmar Stefan (1892–1956)
- Bertine Olava, kalla Betty (1894–1921)
- Otella Petrine (1896–1902)
- Pauline Martine Nordal (1898–1987)
- Ordin Tobias (1901–1950)
Tre av barna emigrerte til USA; Jenny i 1907, Elmar 1914 og Ordin i 1928. Ordin kom tilbake og busette seg på Berge på Finnøy. Det er tatt vare på fleire brev skrivne av Ole Tobias til barna i USA frå perioden 1913–1934. Dei fleste breva som er tatt vare på, er skrivne til Jenny og hennar familie.
Gardbrukar og handelsmann
Gardsdrifta på Bergjebakken blei etter kvart meir og meir retta inn mot dyrking av frukt og grønsaker, og av dyrking av buskar og tre. Ole Tobias kombinerte også gardsdrifta på Finnøy med å vera handelsmann i Stavanger. Han hadde allereie 30. april 1877 fått handelsborgskap i Stavanger. I 1902 hadde han eigen fruktbutikk[2]. Seinare var han i mange år torghandlar i Stavanger.
Barnebarnet Earl
Ein ny epoke i Ole Tobias sitt liv starta i 1914. Då fekk han og kona foreldreansvar for det norsk-amerikanske barnebarnet Earl Harold Knutson (1912–1980). Earl sitt namn blei fornorska til Ørl og Ørel.
Dottera Jenny hadde kome på besøk til Norge med den vesle guten i 1913. Krigsutbrotet i 1914 gjorde at ho ikkje våga å ta han med tilbake over havet, så ho reiste tilbake til mannen sin og let barnet vera att hos besteforeldra. Ho rekna nok ikkje med at det skulle vara så lenge, men han blei buande hos besteforeldra heilt til 1925, då mora Jenny var komen for å henta han heim til USA. Mange av Norgesbreva frå Ole Tobias til dottera handlar om Earl sin barndom og oppvekst på Finnøy.
Alderdom
Pauline Marta døydde 3. desember 1924. Jenny var då komen frå USA. Det var ei hard tid for Ole Tobias; han mista kona i sjukdom og eit halvt år seinare måtte han ta endeleg avskjed med den 12 år gamle Earl, som reiste til USA med mora. Ole Tobias omtalte denne avskjeden slik i eit brev til Jenny, seks år seinare:
«Jeg saa ham nok siste gang 16de Mai 1925 paa Stavangerkaien. Hvor er ikke livets vækslinger og skildsmisser mang – og tunge! Der er intet uttrykk i spraaget for hvor høit jeg elsked og elsker Earl, men saa langt maa savnet gaa her i opløsningens land.»[3]
Ole Tobias dreiv garden vidare, og i ein avisomtale ved 85-års dagen hans i 1932 blir det framheva at han seinast dette året sjølv slo graset på garden med ljå.
Ole Tobias døydde 24. april 1937, nær 90 år gamal.
Kjelder og litteratur
- Berge, Arne: «Historia om ein norsk-amerikansk gut på Finnøy». I: De som dro. Utvandrerhistorier fra Rogaland. Utgitt av Migrasjonsforum Sør-Rogaland, 2024.
- Berge, Ole: Bergefamiliens reise. Privat publikasjon 2024.
- Bjørkvik, Halvard: Finnøy Gard og Ætt. Band 1, side 131. Finnøy kommune 1993.
- Nordal, Arnold: Jofolket. Ein slekts- og miljøstudie. Eige forlag, 1989.
- Norgesbrev frå Berge på Finnøy. Privat samling, Arne Berge.
- Ole Tobias Olsen Berge i Historisk befolkningsregister