Olga Bogetvedt (1916–1975)
Olga Bogetvedt (fødd Hausberg i Austevoll 7. mars 1916, død 26. oktober 1975) var utdanna menighetssøster. Ho var dotter av postopnar John Hausberg (1893–?) og Ingeborg f. Brekke (1887–1972).
Ho utdanna seg ved Menighetssøsterhjemmet i Oslo. Før ho praktiserte som sjukepleiar, hadde ho eit opphald i USA. Etter at ho i 1946 gifta seg med misjonær Karl Bogetvedt (f. 1916) frå Åsane i Bergen, arbeidde ho først ved ein misjonsstasjon i China og frå 1949 i Etiopia.
Kjelder og litteratur
- Folketeljinga 1920.
- Norsk misjonsleksikon. Utg. Nomi. Stavanger. 1965. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tufteland, Johan (red.): Austevoll sokn. Gard og ætt II. Austevoll 1981. 752 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
|