Opodeldok

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Apotekkrukke med opodeldok.
Foto: Sverresborg Trøndelag Folkemuseum.

Opodeldok (opprinneleg opodelloch el. oppodeltoch), òg kjent som Linimentum opodeldoc el. Linimentum saponato-camphoratum (lat.) og sæbespiritus (dansk), er ein kamfersalve som vart oppfunnen, eller i det minste gjeven namn til, av den sveitsiske dokteren og alkymisten Paracelsus (1493–1541). Opodeldok var ein god del bruka tidlegare, men har gått meir eller mindre or bruk fram mot vår tid.

Ordet «opodeldok»

Opphav

Det er ikkje kjent nøyaktig kva som låg til grunn for at Paracelsus valte akkurat namnet opodelloch for dette preparatet. Ein hypotese er at første delen av ordet er frå gresk ὀπὸς (‘plantesaft’). Kurt Peters har sett fram hypotesen at ordet er basert på deler frå orda opopanax (ein sort myrra), bdellium (Commiphora wightii) og aristolochia (holurt).[1]

I norske dialektar

I setelarkivet til Norsk Ordbok finst ordet frå Trøndelag i formene oppodældåkk (Trh.), op`pidældåkk (Fillan), oppidilldåkk (Frol), opidændåkk (Snillfjord) og opidendåkk (Hølonda).[2]TustnaNordmøre er forma óppådilldokk.[3]

Ingrediensar

Om Kurt Peters sin hypotese om ordopphavet stemmer (sjå ovanfor), så er det rimeleg å tru at myrra, kamfer og holurt var ingrediensar i oppodeltochen som Paracelsus namngav. I den første tida, fram til utpå 1600-talet, vart oppodeltoch bruka om salva kamferomslag.

Frå tida kring 1700 og framover vart fokuset snudd frå omslaget til samansettinga av sjølve salven. Utover 1700- og 1800-talet vart det laga mange ulike variantar av opodeldoc, som salven var kjent som no, som vart marknadsførte som patentmedisinar. Ein av de som fekk vidast utbreiing var Dr Steer’s Opodeldoc frå sist på 1700-talet. Nytt med hans variant, som elles inneheldt såpe, sprit, kamfer, meriam og rosmarin, var ingrediensen ammoniakk. At marknadsføringa av denne patentmedisinen var like optimistisk som for patentmedisinar flest, skjøner vi når vi les i ein annonse frå The Times frå 1790 at:

The efficacy of this medicine in the Rheumatism, Lumbago, Bruises, Sprains, Cramps, &c. is universally acknowledged: it is equally serviceable in Numbness, Stiffness, and Weakness of the Joints, and in restoring a proper Circulation to the Limbs when in a Paralytic state. It is also excellent for Burns and Scalds, as well as for the Sting of venomous Insects. It is the best embrocation for Horses that are wrung in the Withers.[4]

Hovudingrediensane i opodeldok som vi kjenner han frå dei siste par hundre åra er såpe og kamfer. Til dette blir tilsett ein eller fleire urter — oftast timian og/eller rosmarin — og ofte alkohol og ammoniakk òg.

Bruk

Opodeldok har særleg vorte bruka på omslag mot revmatisme og gikt. Frå TustnaNordmøre er det fortalt at óppådilldokk òg vart bruka som krøtermedisin fram til først på 1900-talet.[5] På grunn av manglande dokumentasjon på medisinsk effekt kombinert med ei heller gjennomtrengande lukt, har opodeldok gått meir eller mindre or bruk i løpet av 1900-talet.

Fotnotar

  1. «Opodeldoc»English Wikipedia.
  2. Setelarkivet til Norsk Ordbok
  3. Munnleg overlevering frå Torvald Gimnes (1909–1992) til Olve Utne kring 1980.
  4. Sitert frå «Opodeldoc»Worldwidewords.org
  5. Munnleg overlevering frå Torvald Gimnes (1909–1992) til Olve Utne kring 1980.

Kjelder og litteratur