Ottar Birting

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ottar Birting (truleg født omkr. 1100, død 1146/1147 i Nidaros) var lendmann. Han var også fosterfar til Sigurd Munn og stefar til Inge Krokrygg. Tilnamnet Birting tyder 'den ljose', men Ottar vert skildre som kortvokst, mandig og mørk, og ein trur gjerne at tilnamnet er ironisk meint.

Ottar var ein av dei leiande stormennene i Noreg. Han vart omkring 1142 gift med Ingerid Ragnvaldsdotter (omkr. 1105–omkr. 1170). Ho hadde vore gift første gongen med Heinrek Skatelår og andre gongen med kong Harald Gille. Med sistnemnde hadde ho sonen Inge Krokrygg. Ho var også stemor til Sigurd Munn, som Harald Gille hadde fått med Tora Guttomsdotter.

Første gongen han vert nemnd er i Morkinskinna. Sigurd Jorsalfare hadde ein gong i 1120-åra eit raserianfall, og slengde ei kostbar bok i elden. Ottar var då kongens kjertesvein, og valde å redde boka og seie frå til kongen kva han meinte om slikt. Sigurd var nok ikkje van med slikt, men valde å rose Ottar for hans omtanke og utnemnde han til lendmann. Det står at dette skjedde tross at Ottar var «ein kotkarl av lågaste ætt».

Harald Gille døydde i 1136, og Ottar var ein av trøndarane som nemnast i samband med hyllinga av Sigurd Munn. Den unge kongen sin fosterfar var Såda-Gyrd Bårdsson, men i kjeldene trer Ottar fram som leiar for stormannsgruppa kring Sigurd. Han førte mellom anna ordet for kongen.

Då Ottar gifta seg med Ingerid omkring 1142 hadde han ein son frå før, Alv Rode. Vi veit ikkje om han hadde vore gift med mora eller om ho var ei frille. Alv vart seinare lendmann, og han var hærførar for Håkon Herdebrei. Han fall for Erling Skakke og hans menn i Nidaros i 1165. Ein kjenner ikke til felles born av Ottar og Ingerid.

I 1146 eller 1147 vart Ottar drepen i Nidaros. Sonen Alv var augevitne til dette. Sigurd Munn vart skulda for drapet, og både Heimskringla og Morkinskinna trekk fram sjalusi som motiv. Ottar hadde vore til stor hjelp for Inge Krokrygg, og dette likte ikkje Sigurd. Sigurd måtte love å gjere jernbyrd for å sleppe unna. Kort tid etter drapet braut det ut ope strid mellom Haraldssønene.

Ottar Birtings gate i Oslo er oppkalla etter han.

Litteratur

  • Brathetland, Bente Opheim: Ottar Birting i Norsk biografisk leksikon.