Ottersnesvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ottersnesvegen ved Akkerhaugen i Midt-Telemark kommune går sørover frå Liagrendvegen ved garden Lia (gnr. 102/8) til Ottersnesodden i Norsjø. Han er 3,2 kilometer lang og går stort sett i skogsterreng.
Vegen har namn etter garden Ottersnes (gnr. 101/1) på Ottersnesodden og blei namnsett i 2017.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune, Plan- og forvaltningsenheten.