P.P. Lyshol Foto

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

P.P. Lyshol er ein butikk for fotoartiklar og eit fotostudio i Sykkylven. Fotograf Peder P. Lyshol skipa firmaet i 1936, og heldt til med fotoforretning, rammeverkstad og fotoatelier i det gamle Vad-huset på Aure dei første åra. Lyshol hadde då fire års læretid i faget, og etter å ha gått Trondhjems Fotografiske Fagskole, tok han svenneprøva i 1938.

Alt inventar og materiell strauk med ved Aure-brannen i 1939, men firmaet fekk leige lokale i det gamle Dale-huset, og heldt til med verksemda der til 1943. Då stod det nye Vad-huset ferdig, og firmaet fekk flytte inn som første leigebuar.

I 1955 sette P.P. Lyshol opp sitt eige forretnings- og bustadhus, og sidan den tid har firmaet halde til der. Dei noverande forretningslokala er på 275 m2, og inneheld foto/utstyrsforretning, atelier, rammeverkstad, arbeidsrom m.m. Lokala vart tidleg i 1980-åra moderniserte.

Fotograf P.P. Lyshol la vekt på allsidig fotografisk verksemd, m.a. portrett, reportasje, industri- og reklamefotografering. Dei fleste lokale industribedrifter nytta frå 1940-åra fotograf P.P. Lyshol sine tenester. Han var såleis med å gjere sykkylvsprodukt kjende over heile landet. Det rike arkivet med møbelbilete etter P.P. Lyshol er dei siste åra digitaliserte og gjort tilgjengelege for ålmenta gjennom Norsk Møbelfaglig Senter/Stiftinga Sunnmøre Museum.

P.P. Lyshol tok del i fleire nasjonale og internasjonale utstillingar og fekk sølvmedalje, bronsemedalje og diplomar. Firmaet var med i to av dei største fotokjedene i landet, og var også medlem av Colour Art Photo, ei internasjonal gruppe av leiande portrettfotografar.

Sonen til P.P. Lyshol, Skjold Lyshol, kom med i firmaet i 1961, og han var dagleg leiar frå 1982. Han har utdanning som fotograf etter fire års læretid og fotofagskulen i Trondheim. Dei siste åra er det tredje generasjon ved Bengt Lyshol som har stått for den daglege leiinga av fotoverksemda som har vore gjennom store teknologiske endringar innan fotofeltet. Nokre år satsa bedrifta mykje på timeframkalling av fargebilete og skaffa seg det beste av utstyr på den fronten. Etter at det gjekk over til digitale bilete, måtte dei omstille seg, og dei leverer no alle tenester som kundane har bruk for innan digital fotografering.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.