Palma Havnsund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Palma Søvik, seinare Havnsund, fekk helse på kongen på Ålesund sjukehus i 1945.
Foto: Ukjend / Sunnmørsposten

Palma Jenny Havnsund f. Søvik (fødd 26. august 1915, død 10. mai 2007) var husmor i Haram. Under andre verdskrigen vart ho arrestert for å ha uttalt seg negativt om tyskarane, og vart sendt til Grini og vidare til Ravensbrück.

Slekt og familie

Ho var dotter av Jakobine Laura Søvik og Peter Andreas Søvik. Ho var det sjuande av ni born; fem eldre sysken var i live då ho vart fødd.

I 1961 vart ho gift med Petter Johanson Havnsund (1909–1969).

Liv og virke

Ho vaks opp på Nilsgarden i Haram, no i Ålesund kommune. Faren hadde kjøpt bruket i 1905 og var sjølveigar der.

Under krigen var ho i arbeid på Dombås Hotell. Der uttala ho seg om misnøye av å servere tyskarar, noko som vart snappa opp av feil folk. Den 19. november 1942 vart ho pågripen. Same dagen vart ho satt inn på Grini med fangenummer 5450. Den 22. mai 1943 vart ho sendt vidare til Ravensbrück, med fangenummer 20134. Våren 1945 va ho ein av dei siste som vart evakuerte frå Ravensbrück. Ho måtte ha eit opphald på Ålesund sjukehus, der ho fekk helse på kong Haakon VII. På seinsommaren 1945 kunne ho endelig dra heim til Søvika, der heile bygda flagga og sto på brygga for å ta imot ho.

Petter Havnsund var motstandsmann under krigen, men ville ikkje snakke om det; ein veit derfor lite om kva han gjorde.

Etter at ho gifta seg vart ei tomt, Fløtin, skilt ut frå Nilsgarden. Palma og Petter Havnsund bygde hus attmed den gamle Nilsgardstova i 1966–1967. Stova er seinare riven. Berre eit par år etter at huset var klart døydde Petter.

Litteratur og kjelder