Peder Olsson Furu
Hopp til navigering
Hopp til søk
Peder Olsson Furu (1781-1842) var fødd i 1781 på plassen Sandeløkken i Sunndal prestegjeld, men foreldra flytta til Furu i same prestegjeld allereie i 1784. Peder Olsson vart i 1808 gift med Anne Ivarsdtr. Romfo, og med henne fekk han 8 barn. Same året som Peder Olsson gifte seg, tok han over bygselen på Furu (brn. 14) etter faren som døydde dette året.
Peder Olsson var skulehaldar i Sunndal frå hundreårsskiftet og fram til kring 1814. Han hadde fleire offentlege verv i Sunndal. Han var m.a. fast stemnevitne for Hov sokn i perioden 1825-30, og ei tid hadde han også overoppsyn med Sunndal kornmagasin.
Våren 1814 var Peder Olsson Furu valmann for Sunndal prestegjeld.
Kjelder:
- Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr.: Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, Kristiania 1914, s. 327.
- Seljedal, Ivar og Sande, Jostein, Sunndalsboka, bd. 3, s. 156.
- Peder Olsson Furu i Historisk befolkningsregister.