Peder von Todderud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åker gard i Vang, Hamar kommune. Peder von Todderud åtte garden frå 1751 til 1764, da han overlet den til sonen. Som rangadeleg person kunne von Todderud nyte dei rettane som hefta ved Åker som rett adeleg setegard.
Foto: Cato Edvardsen (2006)

Peder Gulbrandsen von Todderud (fødd 17. juli 1691 i Stange, død 30. mai 1772 i Vang i Hedmark, nåverande Hamar kommune) var ein offiser som mellom anna utmerka seg under Store nordiske krig. Han var fødd i bondestand, men oppnådde generalmajors grad og fekk dermed adelskap. Han kjøpte den adelege setegarden Åker i Vang, og budde der dei siste tjue åra av sitt liv. Han vart kjend for sitt målmedvitne og framtidsretta jordbruk i ein tidleg fase av Opplysningstida.

Familie

Foreldra var Guldbrand Alfsson (f. ca. 1645) og Bergitte Johannesdotter. Dei var gardbrukarar på Todderud i Stange.

Peder Todderud gifta seg i 1720 i Moss med Maren Olsdotter (1696-1771). Ho var dotter til Ole Jochumsen, formuande borgar i Moss.[1] Todderud omtalar i livsløpsframstillinga si svigerfaren som «seigneur» Ole Jochumsen, og Maren som min «Hustrue Maren Moss». (Ole Jochumsen var ikkje sorenskrivar slik det har vore hevda.)[2]

Ekteparet fekk sonen Barthold Heinrich Todderud (1724-1805), som også vart offiser. Han er openbert oppkalla etter kommanderande general Barthold Heinrich von Lützow, som hadde hjelpt Peder Todderud fram i hans militære karriere. Andre born er ikkje nemnde i det gjennomgåtte kjeldematerialet, men i Norsk biografisk leksikon er Barthold Heinrich omtala som «eldste sønn».

Utdanning og militær karriere

Peder Todderud fekk undervisning i heimen til han var 10 år gammal. Deretter var han i to år, fram til 1703, i teneste og vidare undervisning hjå sokneprest Niels Sverdrup i Vang. Så kom han til Christiania som lakei hjå assessor og lagmann Peder Blichfeldt, der han var til 1705.

Etter to år heime på garden i Stange, byrja Todderud si militære karriere som menig soldat i teneste hjå major Otto Ludvig Fien, og vart snart korporal i den same majorens kompani av Sehesteds dragonregiment (1706).

Karrieren var deretter som følgjer:

  • Sersjant ved det same regimentet 29. august 1709.
  • Adjutant ved Smålenske nasjonale infanteriregiment 10. september 1716.
  • Sekondløytnant frå byrjinga av 1716 og beordra som vaktmeisterløytnant i Fredrikstad. Det var denne våren han utmerka seg særleg i kampane mot svenskane rundt Moss og Fredrikstad. Han vart alvorleg såra ved Moss 23. april 1716, men kom seg att innan året var ute.
  • Premierløytnant ved Smålenske nasjonale infanteriregiments nye reserves Laurvigske kompani 31. desember 1716.
  • Kantonsadjutant (som stod for kantonnering, forlegning av soldatane utanfor garnisonane) under oberst Kragh frå januar 1716 til februar 1717 og aide de camp (assistent) for kommanderande general B.H. von Lützow frå mars 1717 til oktober 1719.
  • Kapteins karakter (dvs. grad, men ikkje stilling som kaptein) 1. september 1717.
  • Premierløytnant ved Gjerpenske kompani av 2. Smålenske regiment
  • I juli 1719 var Todderud med inn i Båhuslen i forfølgjinga av dei svenske troppane som var på tilbaketog etter Karl 12s fall i desember året før. General von Lützow gjorde Todderud til Generaladjutant-løytnant frå 24. juli 1719.
  • Verkeleg kaptein og sjef for Eidsvollske kompani av 2. Opplandske nasjonale infanteriregiment 5. august 1719.
  • Sekondmajor 30. april 1732.
  • Premiermajor med karakter av oberstløytnant ved Land og Granske kompani 13. januar 1738.
  • Oberst og sjef for 1. Opplandske nasjonale infanteriregiment 25. november 1750.
  • Generalmajor 26. mars 1760

Todderud søkte og fekk avskil frå det militære 1764.

Åker adelege setegard

Todderud må ha flytta mykje rundt ettersom han fekk stillingar på nye stader. Som sjef for Eidsvollske kompani er det kjent at Todderud budde på garden Østre Tønsåk i Eidsvoll.

Da han vart oberst og regimentssjef, kjøpte han den adelege setegarden Åker i Vang på Hedmarken. Todderud hadde adelskap i kraft av å stå i rangen, og kunne såleis nyte setegardsrettane, hovedsakeleg skattefritak. Rangadelskapet er også bakgrunnen for predikatet «von» i familienamnet.

Han interesserte seg for gardsbruket, og det er bevart ei dagbok etter han som viser eit mangfaldig gardsproduksjon. Ein har særleg merka seg grønnsakproduksjonen og den tidlege førekomsten av potavling som er omtala der. Åker gjekk i arv i slekta til 1892.[3]

Minne

TodderudvegenRidabu er oppkalla etter Todderud, og ligg like ved Åker gard.[4]

Referansar

  1. Olsen, R. 1901 side 26, 30, 234-235.
  2. I Stange bygdebok I side 26 og i innleiinga til von Todderuds annotiationsbog fra Aggergaard 1749-1772 s. 7. Jochumsen er ikkje på lista over sorenskrivarar i Moss i Næss, H.E. 1991 side 199.
  3. Coldevin, A. 1950 side 404.
  4. Per-Øivind Sandberg, «Gatenavn i Hamar».

Kjelder og litteratur

  • Anker, C.J.: Biografiske data om 330 norske, norskfødte eller for nogen tid i den norske armé ansatte generalspersoner, 1628-1885, Kristiania 1885.
  • Coldevin, Axel: Norske storgårder bd. I, Oslo 1950.
  • Dahl, A.D.: Artikkel om von Todderud i Norsk biografisk leksikon 1964.
  • Nissen, Harald sr.: Peder von Todderud i Norsk biografisk leksikon
  • Næss, Hans Eyvind (red.): For rett og rettferdighet i 400 år. Sorenskriverne i Norge 1591-1991. Justisdepartementet 1991.
  • Olsen, Richard: Fra det gamle Moss, Moss 1901.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer 1628-1814, bd. II.
  • Statsarkivet i Hamar, nettutstilling om arkivet til Åker gard (kfr. 7.11.2012)
  • Todderud, Peder von: Sjølbiografi, trykt i Optegnelser af Generalmajor Peder Todderud om Krigen 1709-19 v/Kaptein C.O.Munthe. (Videnskabsselskabets Skrifter. II. Historisk-filosofisk Klasse. 1897. No. 6.) Kristiania 1897.
  • Todderud, Peder von: Generalmajor Peder von Todderud sin annotiationsbog fra Aggergaard 1749-1772. Stange historielag 1998.
  • Veflingstad, M.: Stange bygdebok I Gårds- og slektshistorien. Stange Historielag 1951.