Per M. Skrede (1895–1969)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Per M. Skrede (1895–1969) (fødd 1. juli 1895 i Innvik, død 1969) voks opp og levde heile sitt liv i Randabygda i noverande Stryn kommune. Han var bonde, men er mest kjend som lokalhistorikar og spelemann.

Han var son av Mons Pedersen Åland (1861–1907) og Rakel Eliasdotter Åland (f. 1859).

Per M. Skrede etterlet seg eit arkiv med mykje historisk stoff om heimbygda, Randabygda. Systersonen, lærar Magne B. Skrede overtok dette. Han førte vidare den lokalhistoriske interessa frå onkelen, m.a. fotograferte han så godt som alle utmarkshusa i Randabygda: gardfjøs (hus for storfe som beitte i heimemarka),stølshus, markalader (høyløer) og naust. Arkivet etter Per M. Skrede og Magne B. Skrede er no i varveitsla til Nordfjord Folkemuseum.

Litteratur og kjelder