Per Steinar Løkken
Per Steinar Løkken (fødd i Skjåk den 2. april 1949) er fotograf og innehavar av firmaet PS-Foto i Bismo i Skjåk. Han er fødd og oppvaksen på småbruket Husom i Nordberg, son av Johannes Løkken og Andrea f. Husom. Han er gift og har ei dotter.
Etter artium ved Gudbrandsdal gymnas, Vinstra og lærarskule på Elverum, arbeidde Løkken i 15 år som lærar. Han starta fotoverksemd i 1982, og tok fotooppdrag av alle slag. Ikkje minst er han kjend for landskapsfoto både frå Skjåk og andre stader, mellom anna frå fjellturar i Himalaya og Andesfjella. Han bygde eigen fotobutikk i Bismo 1983. I 1985 byrja han med helsekosthandel i tillegg til fotoverksemda.
Løkken bygde atelier, mørkerom og rameverkstad i 1990, og kjøpte minilab i 1992. Butikken vart nedlagt i desember 2008, men rameverkstaden er framleis i drift (2016).
Per Steinar Løkken er ivrig friluftsmann og ein forkjempar for naturvern. Han stod sentralt i motstanden mot utbygging av Øvre Ottavassdraget rundt årtusenskiftet.
Kilder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Per Steinar Løkken på Digitalt museum.
- Per Steinar Løkken på KulturNav
- Erlandsen, Roger: Norske fotosamlinger. Utg. Ad Notam. Oslo. 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Personlege opplysningar frå P.S. Løkken til Hans P. Hosar, september 2016.
![]() |
Per Steinar Løkken er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |