Pescado frito
Pescado frito, eller panert fisk (oftast torsk) frityrsteikt i vegetabilsk olje, er ein matrett med portugisarjødisk opphav. Denne tillagingsmåten gjer at fisken held seg sprø utanpå og saftig inni og med like god smak kald som varm, slik at han kan etast varm på fredagskvelden og ikkje treng å varmast opp att for å bli servert seinare. I portugisarjødisk tradisjon blir pescado frito steikt på fredag før sjabbát og sett til avkjøling. Pescado frito blir tradisjonelt servert som kald matrett på laurdag etter at tefilláen (morgongudstjenesta, inkludert torálesing og musáf) er ferdig. I Nederland og England spreidde denne matretten seg til gatekjøken, og kombinert med den irskematretten potato chips vart pescado frito vanleg i gatekjøkenmat over store deler av den engelskspråklege verda under namnet fish 'n' chips. Den første fish and chips shop vi veit om vart opna av Joseph Malin i London i 1860. Til Norge kom fish 'n' chips (bl.a.?) med Elvira Moe, f. Dickson, som opna fishan-utsal i Kristiansund mot slutten av 1940-åra.